Komotiní (gresk Κομοτηνή, bulgarsk Гюмюрджина Gjumjurdzjina, tyrkisk Gümülcine) er ein by i periferieininga Rodópi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad både i periferieininga og i periferien.
Komotiní har lenge vore ein travel gresk by og eit handelssenter ved krossvegen mellom sivilisasjonar. Byen har like over 50 000 innbyggjarar i tillegg til 13 000 studentar og soldatar.
Historie Byen voks fram langs Via Egnatia, den romerske vegen som gjekk frå Dyrrhachium til Konstantinopel, først under skuggen til Maximianopolis og så under den osmanske perioden. Under Austromarriket vart festninga og den omliggande busetnaden kalla Koumoutzina eller Komotina, og under Det osmanske riket var Komotiní kalla Gümülcine - eit namn som framleis vert nytta av den muslimske minoriteten i byen.
Under den første balkankrigen erobra bulgarske styrkar byen, men måtte overgje han til den greske hæren under den andre balkankrigen i 1913. Bucharesttraktaten gjorde derimot at Hellas måtte gje området tilbake til Bulgaria. Byen vart verande ein del av Bulgaria fram til etter den første verdskrigen. I denne korte perioden vart republikken Gumuljina oppretta i Vest-Thrakia, der Komotiní vart hovudstad. I 1919 medførte Neuillytraktaten at Komotiní kom tilbake til Hellas i lag med resten av Vest-Thrakia.
Administrativ inndeling thumb|180px|left|Kart over kommunaleiningane i kommunen Komotiní. Frå 2011 omfattar kommunen Komotiní òg dei tidlegare kommunane Éjiros og Néo Sidirokhóri. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Komotiní, no kommunaleininga Komotiní Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 65 243 innbyggjarar, medan kommunaleininga Komotiní hadde 60 160 og tettstaden med same namn 51 732 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Komotiní Komotiní 50 990 51 732 Ífestos Komotiní 1 910 1 348 Rodítis Komotiní 1 018 1 078 Kósmio Komotiní 922 905 Éjiros Éjiros 924 777 Kálkhas Komotiní 634 598 Kikídio Komotiní 610 566 Thrylório Komotiní 620 550 Fanári Éjiros 490 438 Néo Sidirokhóri Néo Sidirokhóri 567 436
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Komotini» frå , den 18. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad (gresk)
Komotini Komotini Komotini Komotini Komotini Komotini Komotini