Réthymno (gresk: Ρέθυμνο), òg kalla Rethimno, Rethymnon, Réthymnon og Rhíthymnos, er ein by i periferieininga Réthymno, der han er hovudstad, på Kreta i Hellas. Byen har like over 32 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i antikken (som Rhithymna og Arsinoe), sjølv om han aldri var ein viktig by for den minoiske siviliasjonen. Han var derimot seinare mektig noko til at innbyggjarane prega sine eigne myntar.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Réthymno, no kommunaleininga Réthymno Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Réthymno Arkádi Láppa Nikifóros Fokás Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 57 2165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Réthymno hadde 38 759 og tettstaden med same namn 34 085 innbyggjarar.
Historie Réthymno byrja å vekse då ventianske erobrarar på øya ville ha ein handelsstasjon mellom Iráklio og Khaniá, og fekk sin eigen biskop og adel. I dag er gamlebyen (paliá póli) nesten berre bygd av venetianarane. Dette er ein av dei best bevarte gamlebyane på Kreta.
Venetianarane bygde ei borg her kalla Fortetza, som er eit av dei største og best bevarte på Kreta. Andre monument er Neratzemoskeen, Den store porten (megáli pórta, Porta Guerra), Piazza Rimondi (Rimmondiplassen). I dag er hovudnæringa turisme og mange bygg tilknytte dette er ført opp dei siste 20 åra.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Réthymno Réthymno 32 468 34 085 Violí Kharáki Nikifóros Fokás 2 785 3 185 Atsipópoulo Nikifóros Fokás 1 392 1 612 Prinés Nikifóros Fokás 851 895 Gállos Réthymno 922 889 Sfakáki Arkádi 792 883 Jeráni Nikifóros Fokás 821 870 Stavroménos Arkádi 678 756 Adelianós Kámbos Arkádi 680 738 Roussospíti Réthymno 569 536 Episkopí Láppa 618 509
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kjelde
Rethymno Rethymno Rethymno Rethymno Rethymno Rethymno