Mesolóngi (gresk Μεσολόγγι), tidlegare òg skrive Mesolongi, Misolonghi eller Mesolongion, er ein kommune og ein by i periferieininga Etoloakarnanía, der han er hovudstad, i Vest-Hellas i Hellas. Kommunen heiter offisielt Den heilage byen Mesolóngi (Ιερά πόλη Μεσολογγίου, Ierá póli Mesolongíou).

Byen ligg på nordsida av Pátrabukta mellom elvane Akhelóos og Évinos. Sjølve byen har vel 12 000 innbyggjarar. Fjellet Arákynthos ligg i nordaust.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Mesolóngi, no kommunaleininga Mesolóngi Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Mesolóngi Etolikó Iniádes Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 32 048 innbyggjarar, medan kommunaleininga Mesolóngi hadde 17 440 og tettstaden med same namn 12 444 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Mesolóngi Mesolóngi 12 785 12 444 Etolikó Etolikó 4 012 3 783 Neokhóri Iniádes 2 827 2 611 Katokhí Iniádes 2 829 2 514 Evinokhóri Mesolóngi 1 651 1 451 Pendálofos Iniádes 889 802 Gouriá Iniádes 862 737 Lesíni Iniádes 771 671 Ájos Thomás Mesolóngi 541 587 Stamná Etolikó 651 517

Småøyar i kommunen: Tourlí (15) Kómma (0) Prokopánistos (0) Skhiniá (0) Vasiládi (0)

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Mesolongi Mesolongi Mesolongi Mesolongi Mesolongi Mesolongi