Körös-ér (på ungarsk) eller Kereš (på serbisk, kyrillisk Кереш) er ei elv sør i Ungarn og nord i Serbia. Elva er 70 km lang og ei av sideelvane til Tisza frå høgre. Ho renn gjennom Bačka i både Ungarn og Serbia (Vojvodina): 27 km i Ungarn, 15 km som grenseelv og 27 km i Serbia.
Körös-ér har utspring i den ungarske delen av Subotička peščara, mellom byane Jánoshalma og Kiskunhalas. Vest for Kelebia vert Körös-ér ei grenseelv mellom dei to landa. Som Kereš renn ho nord for byen Subotica. Ho munnar ut i Tisza ved Adorjan, 76 moh.
Ved Subotica vert det dumpa mykje avfall i elva, som er særs forureina og den største foruereingskjelda til Tisza.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Körös-ér» frå , den 25. september 2007.
Bakgrunnsstoff Kereš i Serbia
Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Elvar i Ungarn