Vármegye (fleirtal vármegyék) er ei administrativ inndeling i Ungarn, tilsvarande eit fylke. Ungarn er delt inn i 19 fylke i tillegg til hovudstaden (főváros) Budapest.

Dei 19 fylka er vidare delte inn i 174 distrikt (járás), medan Budapest er delt inn i 23 bydistrikt (kerület). Fram til 2013 var fylka delte inn i 173 underregionar (kistérség).

Hovudseta i 18 av dei 19 fylka har status som byar med fylkesrettar (megyei jogú város), stundom kalla byfylke. Unntaket er Pest fylke, som har Budapest som hovudsete. I tillegg til fylkeshovudseta er det sju andre byar som òg har fylkesrettar. Dei lokale styresmaktene i desse byane har meir makt, men dei er ikkje sjølvstendige einingar.

Oversyn Vármegye Sete Areal(km²) Innbyggjarar(2022) Folketettleik Distrikt Byar/tettstader Bács-Kiskun Kecskemét 8 444 495 318 59 11 119 Baranya Pécs 4 429 354 022 80 10 301 Békés Békéscsaba 5 630 315 222 56 9 75 Borsod-Abaúj-Zemplén Miskolc 7 245 623 024 86 16 358 Csongrád-Csanád Szeged 4 262 391 184 92 7 60 Fejér Székesfehérvár 4 359 419 656 96 8 108 Győr-Moson-Sopron Győr 4 208 465 945 111 7 183 Hajdú-Bihar Debrecen 6 209 519 141 84 10 82 Heves Eger 3 637 285 892 79 7 121 Jász-Nagykun-Szolnok Szolnok 5 582 355 809 64 9 78 Komárom-Esztergom Tatabánya 2 264 300 631 133 6 76 Nógrád Salgótarján 2 544 182 459 72 8 131 Pest (Budapest) 6 391 1 133 533 177 18 187 Somogy Kaposvár 6 036 293 470 49 8 246 Szabolcs-Szatmár-Bereg Nyíregyháza 5 932 529 381 89 13 229 Tolna Szekszárd 3 703 207 931 56 6 109 Vas Szombathely 3 336 249 513 75 7 216 Veszprém Veszprém 4 463 335 361 75 10 217 Zala Zalaegerszeg 3 784 260 800 69 6 258 Budapest – 525 1 685 342 3 159 23 –

Det er sju byar med fylkesrettar i tillegg til byane som er fylkessete:

Dunaújváros (Fejér fylke) – frå 1990 Hódmezővásárhely (Csongrád-Csanád fylke) – frå 1990 Nagykanizsa (Zala fylke) – frå 1990 Sopron (Győr-Moson-Sopron fylke) – frå 1990 Érd (Pest fylke) – frå 2006 Baja (Bács-Kiskun fylke) – frå 2022 Esztergom (Komárom-Esztergom fylke) – frå 2022

Merknader

Referansar

Kategori:Ungarsk geografi Kategori:Administrative inndelingar i Ungarn