mini|Kokt spagetti Spagetti (frå spaghetti, italiensk fleirtalsform av eit diminutiv av spago, 'streng, tråd') er ein type pasta forma som lange, sylindriske trådar.

mini|'Spagettietar'. Napolitansk mann et spagetti med fingrane. Både retten og etemåten var eit symbol for Napoli på 1800-talet.«Mangiamaccheroni - Neapolitan Macaroni Eaters», FXcuisine.com

Spagetti blir laga av semule av durumkveite i Italia, men ein kan også bruka vanleg kveitemjøl. Kornet blir blanda med vatn til deig, kjevla ut, skoren til trådar og kappa av.«Great Spaghetti Tips - How to Make Fresh Spaghetti From Scratch at Home» , allaboutspaghetti.com I dag blir spagetti vanlegvis kjøpt tørka, avkappa til ei standardlengd, men det går òg an å kjøpa fersk spagetti eller laga sin eigen.«What is Spaghetti All About and Where Did it Come From?--Find Out Here» , allaboutspaghetti.com

Spagetti kan ha mange ulike utformingar og namn som går på form, tjukkleik og lengd.

Runde spagettitypar: Pici, handrulla spagetti Spaghettoni, tjukke trådar Spaghetti, «standard», middels tjukke trådar Spaghettini, tynnare trådar Fedelini ('små trufaste'), trådar som er litt tynnare enn spaghettini Vermicelloni, trådar som er litt tynnare enn fedelini Vermicelli, 'små ormar', trådar som er litt tynnare enn vermicelloni Capellini, 'tynne hår', trådar som er litt tynnare enn vermicelli Capelli d’ngelo, 'englehår', den tynnaste spaghettitypen

Flate spagettitypar: Linguine ('små tunger'), tynn flat spagetti Fettuccine ('små band'), noko tjukkare enn linguine, ca. 6,5 mm brei) Tagliatelle (avleidd av tagliare, 'å skjera'). Tjukk bandspagetti laga med egg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pasta Kategori:Italienske ord og uttrykk