mini|upright|Redaktør Syvertsen i Trangviksposten slik Theodor Kittelsen såg han. Trangviksposten er namnet på ein humoristisk og satirisk føljetong som gjekk i Aftenposten i åra mellom 1899 og 1929.

mini|upright|Eit knippe rollefigurar frå Trangviksposten. F.v. Fuldmægtig Lauritzen, Rheder Jørnsen, redaktør Syvertsen, fotograf Haarby, telegrafbestyrer Berg og bak i dørglytten politi og skomakar Fladnes senior.

Trangviksposten er ei fiktiv lokalavis som kjem ut i det like fiktive Trangvik. I dette verket skapte forfattaren og journalisten Jacob Hilditch eit persongalleri og lokalsamfunn med avgrensa horisont og sjølvgode haldningar overfor omverda. Satiren og humoren i verket blottlegg allmennmenneskelege svakheiter, og har derfor relevans langt utover lokalsamfunnet sine grenser. Halvdan Hydle har formulert det slik: «[Trangviksposten er] en parodi ikke bare på en småby, men på republikker og kongeriker.»

Geografisk er Trangvik plassert i ein norsk samanheng, og avisoppslaga avslører at småbyen kan ligge  ein stad langs kysten mellom Horten og Kristiansand.  Gissingane er mange, men litteraten og kulturarbeidaren Mentz Schulerud formulerer seg slik om kva for byar på den ovannemnde strekningen som kan vere modell for Trangvik: «I allfall ikke bare Drøbak. [...] Åsgårdstrand, Son kanskje. [...] Men også Drøbak, ja, sikkert.» At Drøbak kjem i fokus på dette punktet har truleg si årsak i at Olaf Gulbransson, første teiknaren og han som skapte dei sentrale rollefigurane i Trangvikposten, brukte gatemotiv frå Drøbak i illustrasjonane sine.

Jacob Hilditch heldt konsekvent på å vere anonym, og det var berre Bjørnstjerne Bjørnson og eit fåtal personar i presse- og forlagskretsar i Oslo som kjende til kven som stod bak føljetongen i Aftenposten. Etterkvart som Hilditch forstod at Trangvikposten vart verdsett og var godt omtykt, sørgde han for at episodane vart samla i bokform. Den sentrale figuren i Trangviksposten er redaktør Syvertsen. Han fører pennen i dette fiktive organet, og avslører seg som uskikka både som skribent og redaktør. Slik vert han ståande som eksponent for det meste av det Jacob Hilditch ville blottstille av sjølvgode haldningar, manglande samfunnsmoral, dumskap, sneversyn og generell vankunne. Jacob Hilditch seier sjølv dette om redaktøren: «En helt ut ansvarsløs figur. Et latterlig billede av en person som aldri burde få stelle med penn og blekk, endsi ha typer, sværte og trykkpapir til sin rådighet.» Andre sentrale figurar i Trangviksposten er Rheder Jørnsen, ekspeditør Erlandsen, politi Fladnes senior og junior, telegrafbestyrer Berg, fotograf Hårby, Bergthora og d'herrer brødr. Markussen.

Trangviksposten er rikt illustrert av fleire velkjende, norske teiknarar. Olaf Gulbransson var den som i samarbeid med Hilditch skapte dei sentrale figurane og illustrerte den første bokutgåva. Theodor Kittelsen og Øyvind Sørensen vidareførte Gulbransson sine figurar, men skapte òg eigne, men meir perifere figurar i Trangvik. Trangviksposten ligg føre i sju bind på ulike forlag som Gyldendal, Jacob Dybvad og Grøndahl og Søn. Bøkene vert rekna for å vere eit sentralt verk i norsk humoristisk og satirisk litteratur, og er i dag, i tillegg til bibliotek og antikvariat, også tilgjengelege digitalt frå Nasjonalbiblioteket.

Kjelder Rowe Hans: «Evig aktuelt fra Trangvik», Bergens Tidende, 3. april 1996. Schulerud Mentz: «Trangviksposten- den udødelige klassiker», føreord i Trangviksposten- i utvalg ved Mentz Schulerud, Den norske Bokklubben, 1980. Hydle Halvdan: «Jacob Hilditch og Trangviksposten», etterord i Trangviksposten- 5. samling, Jacob Dybwads Forlag, Oslo 1948.

Bakgrunnsstoff Drøbak - modell for Trangvik

Kategori:Satiriske aviser Kategori:Satire Kategori:Aviser Kategori:Skipingar i 1899