Puffin Island (Oileán na gCánóg på irsk) er ei øy med bratte klipper utanfor kysten av halvøya Iveragh i County Kerry i Irland. Øya er om lag 1,5 km lang og 0,7 km brei og har ei høgd på 159 meter. Ho er skild frå fastlandet ved Puffinsundet, som er om lag 250 meter breitt. Mange viktige sjøfuglar hekkar på Puffin Island, inkludert lundefugl (puffin på engelsk), havlire og havsvale, og øya vart av den grunn eit naturreservat tidleg i 1980-åra.
Øya er i dag ikkje busett, men har teikn etter busetnadar frå gamal tid.
Kjelde
Kategori:Kerry Kategori:Irske øyar