Achillbeg (irsk Acaill Beag, 'Litle Achill') er ei lita øy i County Mayo ved Irland, like sør for den større øya Achill. Ho vart evakuert i 1965 og innbyggjarane busette seg på Achill og fastlandet. Årsaka til dette var at det var vanskeleg å frakte varer til øya ved grov sjø, noko det ofte er med Atlanterhavet rett på frå vest. Hovudbusetnaden låg midt på øya mellom to åsar i nord og sør. Det er i dag fleire ferieheimar på øya, men husa står tomme store delar av året.
Det vart bygd eit fyr heilt sør på i 1965.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Achillbeg» frå , den 17. oktober 2007.
Kategori:Mayo Kategori:Irske øyar