Lough Gur er ein innsjø (på engelsk lough) i County Limerick i Republikken Irland, nær byen Bruff. Innsjøen er forma som ein hestesko. Området rundt innsjøen er eit av dei viktigaste arkeologiske områda på Irland og det har vore menneske her sidan om lag år 3000 f.Kr.Illustrated Guide to Lough Gur, O'Kelly, M. J. & O'Kelly, C. 1981.
Den største steinsirkelen på Irland, ved Grange, ligg nær innsjøen. Her ligg òg restane av minst tre crannogar og ein har òg grave fram ruinar av steinhus. Fleire ringfort er funne i området. Nokre av desse er irske nasjonalmonument.
Det ligg ei borg, eller tårnhus, på halvøya i innsjøen, kalla Bourchier's Castle etter Sir George Bourchier, son til den andre jarlen av Bath.
Sjå òg Innsjøar på Irland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lough Gur» frå , den 18. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Seinalderbusetnaden ved Lough Gur Oversikt over Lough Gur.
Kategori:Limerick Gur