Kippure er eit granittfjell på grensa mellom County Dublin og Wicklow i Republikken Irland. Sidan det ligg nær Dublin gjev det eit flott utsyn over byen og halvøya Howth og har eit forholdsvis lett terreng. Det er derfor populært med fjellturar på Kippure, særleg i helgene.
På toppen av Kippure står det ei TV- og radiomast, den eldste av sitt slag på Irland. Han vart tatt i bruk på midten av 1950-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kippure» frå , den 20. oktober 2007.
Kategori:Wicklow Kategori:Dublin Kategori:Fjell på Irland