mini|Borga Guglielmi med eit lågt tårn frå antikken på sørsida av øya. Isola Maggiore er den nest største øya i Trasimenosjøen i Umbria i Italia. Ho er den einaste busette øya i innsjøen med om lag 30 innbyggjarar.

Historie Frans av Assisi levde på øya som ein eremitt frå 1211. Kyrkja til erkeengelen Mikael frå 1100-talet vart bygd på toppen av øya. Den einaste landsbyen på øya hadde gullalderen sin på 1300-talet etter at det vart oppretta eit fransiskanarkloster her i 1328. Dei fleste bygningane i landsbyen kjem frå denne perioden. På 1800-talet hadde øya 700 innbyggjarar, men etter dette gjekk talet nedover. Borga Guglielmi vart bygd oppå klosteret i 1880-åra, som etter kvart har forfalle.

Økonomien I dag livnærer landsbyen seg på fiske, jordbruk, turisme og tradisjonell produksjon av blonder, som vart introdusert på 1900-talet. Nokre av oliventrea på øya er fleire hundre år gamle.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Isola Maggiore» frå , den 5. november 2007.

Kategori:Øyar i Italia