NK 606-607 er frimerka som vart utgjevne 21. mai 1968 for å minnest hundreogfemtiårsdagen for fødselen til diktaren Aasmund Olavson Vinje . Frimerka har den nynorske namneforma Noreg. Desse frimerka er einsfarga og viser eit portrett av diktaren. Frimerka er utforma av Knut Løkke-Sørensen.
NK606 50 øre gråbrun (opplag: 3 550 000) NK607 65 øre brunraud (opplag: 5 465 000)
Det gråbrune frimerket hadde ein verdi høveleg for postkort innanfor Norden, medan det raude frimerket hadde ein verdi høvde for vanleg brevpost innanfor Norden.
Kjelde Norgeskatalogen 2004 Oslo Filatelistklubb 2003 ISBN 82-7319-191-5
Kategori:Frimerke med nynorsk tekst Kategori:Aasmund Olavson Vinje