Antelao er det høgaste fjellet i dei austlege Dolomittane nordaust i Italia med ei høgd på 3 264 m over havet. Søraust for fjellet ligg Cortina d'Ampezzo i regionen Cadore. Fjellet vert kalla «Kongen av Dolomittane» (Marmolada, som er det høgaste i heile Dolomittane vert kalla «Dronninga») Som mange av toppane i Dolomittane er Antelao bratt og steinete. Det ligg òg nær kanten av Dolomittane og stig bratt opp frå dalane nedanfor.
Den lettaste ruta til toppen er frå nord, kalla «Laste», ein bratt og smal rygg.Monte Antelao på Peakware Fjelltoppen vart første gong klatra 18. september 1863 av Paul Grohmann, Francesco Lacedelli, A. Lacedelli og Matteo Ossi. Matteo Ossi kan ha klatra til topps alt rundt 1860.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antelao» frå , den 11. november 2007.
Bakgrunnsstoff
Antelao på PeakBagger
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia