Goblins er ein teikneserie som er fritt tilgjengeleg på nettet, skapt og illustrert av Ellipsis Hana Stephens (tidlegare kjend som Tarol «Thunt» Stephens). Serien er sett i eit stereotypisk rollespelande fantasy-miljø og følgjer eit lag med goblinar (troll). I utgangspunktet var dei tilfeldige monster som eventyrarar kunne drepe. Dette forandra seg då dei erklærte seg sjølve for å vere eventyrarar, noko dei har hatt forholdsvis god suksess med.
I august 2006 gjekk Goblins i samarbeid med Keenspot. Goblins vert finansiert ved ein kombinasjon av reklame, nettbutikk, sal av bokversjonar, paypal-donering og ei uvanleg form for oppfordring for donasjonar. Goblinen med indianarnamnet «Fristar Skjebnen» (Tempts Fate) må igjennom ein ny spissrotgang kvar veke, i ei separat historie. Kjem ikkje nok pengar inn på kontoen til Stephens vil Fristar Skjebnen døy. I oktober 2007 fekk Stephens ei inntekt på 3,858 dollar, berre på dette påhittet.
I september 2006 fekk Stephens Dragon Con sin pris for «Mest framståande nye teikneserieskapar på nettet». 15. november 2007 var serien nummer 3 hos buzzcomixbuzzcomix.net og nummer 5 hos topwebcomics.topwebcomics.com/
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Keenspot sin portal http://www.buzzcomix.net/ http://topwebcomics.com/
Kategori:Teikneseriar Kategori:Gratis netteikneseriar