Fobos eller Phobos er den største av to marsmånar (den andre er Deimos). Han er namnsett etter den greske guden Fobos, son av Ares (Mars). Fobos krinsar med ein avstand på omtrent 9377 km over overflata til Mars og er med det den månen som krinsar nærast planeten sin. Fobos blei oppdaga av den amerikanske astronomen Asaph Hall den 18. august 1877 ifrå US Naval Observatory i Washington, D.C.

Fobos har ei omløpstid på 0,319 dagar og er den einaste kjende naturlege månen som har kortare omlaupstid enn rotasjonstida for den planeten han flyttar seg rundt. Sett frå Mars vil han stå opp i vest og gå ned i aust.

Fobos er sterkt flattrykt med ein poldiameter på 18 km og ein ekvatordiameter på 22 km. Albedoen er særs låg, 0,065. Det første nærbiletet av månen vart teke 5. august 1969 av romsonden Mariner 7 frå ein avstand på 130 900 km.

mini|venstre|Fobos over randa til Mars fotografert av Mars Express

Kjelder Aksnes, Kaare. (14. februar 2009). Phobos: måne. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Phobos%2Fm%C3%A5ne.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mars Kategori:Månar Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1877