Pluto (småplanetnemning 134340 Pluto; symbol eller ) er ein dvergplanet i kuiperbeltet, fram til 2006 kalla ein planet. I juni 2008 blei Pluto òg klassifisert som ein plutoide, ein kategori av dvergplanetar med større stor halvakse enn Neptun. Plutoid chosen as name for Solar System objects like Pluto - Offisiell IAU-pressemedling 11. juni 2008 14. juli 2015 passerte romsonden New Horizons Pluto.
Pluto har fem kjende månar, Kharon, Nix, Hydra, Kerberos og Styx. Pluto vender alltid same sida mot Charon, og Charon vender alltid same sida mot Pluto.
Det er ein spesiell relasjon mellom Pluto og Neptun sine banar: På den tida Pluto gjer to rundar rundt Sola, gjer Neptun nøyaktig tre.
Historie Pluto vart oppdaga av den amerikanske astronomen Clyde W. Tombaugh den 18. februar 1930. Han kalla planeten opp etter den romerske guden Pluto med same namn, fordi dei to første bokstavane hans er initialane til Percival Lowell, som hadde forutsagt at ein niande planet ville bli funnen.
I starten trudde ein at Pluto var fleire gonger større enn jorda. Nærare observasjonar har synt at Pluto er mindre enn månen. Den 24. august 2006 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen ein ny definisjon på planetar. Etter denne datoen er Pluto saman med til dømes Ceres og Eris klassifisert som ein dvergplanet.
Utforsking og geologi mini|venstre|Nattsida til Pluto og blå dislag i atmosfæren. Fargane er tilnærma slik eit menneske ville oppfatta dei. venstre|mini|Pluto nær solnedgang. Meir enn eit dusin dislag er synlege på biletet, i tillegg til fleire høge fjell og issletta Sputnik Planum mini|venstre|Teikn på strøymande nitrogen-is (kontekst) mini|venstre|Grøfter på Sputnik Planum (kontekst)
Nokre av dei fyrste bileta New Horizons-sonden sende attende til jorda synte ei rad fjell, opp til 3500 meter høge. Fjella er sannsynlegvis laga av vassis og del av grunnfjellet til Pluto, sidan meir flyktige stoff som nitrogen og metan sannsynlegvis ikkje er harde nok til å laga slike fjell under høva på Pluto. Sannsynlegvis vart fjella danna for mindre enn 100 millionar år sidan, slik at terrenget i området er noko av det yngste som er observert so langt i solsystemet.The Icy Mountains of Pluto - NASA
I sentrum av eit hjarteforma område på Pluto ligg det ei frosen slette kalla Sputnik Planum. Til liks med fjella er ho sannsynlegvis mindre en 100 millionar år gamal. Ho har fleire sprekkar - nokre med ein mørk materie i, andre med åsar i.NASA’s New Horizons Discovers Frozen Plains in the Heart of Pluto’s ‘Heart’ Området er rikt på nitrogen-, metan- og karbonmonoksid-is. Det finst teikn på at isen her strøymer lik isbrear på jorda.New Horizons Discovers Flowing Ices on Pluto - NASA Det finst òg teikn på at nitrogen-is i form av isbrear strøymer frå eit høgland aust for Sputnik-sletta ned på sletta sjølv.Pluto ‘Wows’ in Spectacular New Backlit Panorama - NASA
Observasjonar med Ralph-instrumentet ombord på New Horizons syner at den vestre delen av hjarteformasjonen på Pluto har ein konsentrasjonstopp av karbonmonoksid.Frozen Carbon Monoxide in Pluto’s 'Heart'
Etter å ha passert Pluto tok New Horizons bilete av Pluto som då hadde sola bak seg. Bileta synte dislag i atmosfæren til Pluto som nådde opp til 130 kilometer over yta til dvergplaneten, medan forskarar på førehand ikkje hadde venta seg dis stort høgre enn 30 kilometer over yta.Stunning Nightside Image Reveals Pluto’s Hazy Skies
Bakgrunnsstoff Profilen til Pluto hjå NASA Solar System Exploration
Kjelder
Pluto Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1930 Kategori:Transneptunske objekt Kategori:Småplanetar vitja av romfartøy