mini|Plasseringa til Siciliasundet Siciliasundet (italiensk Canale di Sicilia eller Stretto di Sicilia, arabisk Cap Bon-kanalen eller Kelibia-kanalen) er sundet mellom Sicilia og Tunisia. Det er om lag 160 km breitt og skil Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet frå det austlege Middelhavet. Djupe havstraumar i sundet går frå aust til vest og straumane nær overflata går i motsett retning. Dette uvanlege straummønsteret er av interesse for oseanografar.

Øya Pantelleria ligg midt i sundet.

På arabisk vert sundet vanlegvis kalla Cap Bon-kanalen eller Kelibia-kanalen. Kelibia er regionen i Tunisia som grensar til sundet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Strait of Sicily» frå , den 28. november 2007.

Kategori:Sund i Afrika Kategori:Sund i Europa Kategori:Sicilia Kategori:Italiensk geografi Kategori:Tunisisk geografi Kategori:Sund i Middelhavet Kategori:Internasjonale sund