Provinsen L'Aquila (italiensk Provincia dell'Aquila) er den største provinsen i regionen Abruzzo i Italia. Han er òg den mest fjellprega og minst folketette provinsen i regionen. Hovudstaden er byen L'Aquila. mini|venstre|Santa Maria della Pietà og Rocca Calascio mini|venstre|Campo Imperatore om våren Provinsn utgjer om lag halvparten av Abruzzo og dekkjer den vestlege delen av regionen. Han grensar til provinsane Teramo i nord, Pescara og Chieti i aust, Isernia (i Molise) i sør og Frosinone, Roma og Rieti (i Lazio) i vest.

L'Aquila inneheld dei høgaste fjella i Appenninane (Gran Sasso, Maiella og Velino-Sirente), og den høgaste toppen Corno Grande, fjellsletta Campo Imperatore og den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen. Dei største elvane i regionen er Aterno-Pescara, Sangro, Liri, Salto og Turano og dei største innsjøane er Lago Scanno og Lago Barrea. Ein gong låg den største innsjøen på Den italienske halvøya, Fucinosjøen, her, men denne vart drenert på 1800-talet. I dag er den tidlegare innsjøen eit blømande jordbruksland og eit viktig teknologidistrikt.

Økonomi og folk Provinsen er kjend for dei mange borgene, festningane og urørte åsbyane frå mellomalderen. Dei to største byane i provinsen, L'Aquila og Avezzano, har hatt stor økonomisk vekst dei siste to tiåra med vekst i produksjon av køyretøy, telesamband og dataindustri. Gjennom det meste av 1900-talet leid landsbygda under stor fråflytting. Dei siste åra har opprettinga av Gran Sasso e Monti della Laga nasjonalpark, Majella nasjonalpark og Sirente-Velino regionspark førte til auka turisme, som har hjelpt på økonomien i området og folk har byrja å flytte tilbake hit.

Området har eit areal på 5 034 km² og totalt 297 592 (2001).

Kommunar

Det er 108 kommunar i provinsen. Dei største av desse er:

KommuneFolketalL'Aquila71 761Avezzano39 670Sulmona25 363Celano11 012Pratola Peligna7 890Tagliacozzo6 820Trasacco6 115Castel di Sangro5 778Luco dei Marsi5 776Capistrello5 473Carsoli5 238

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of L'Aquila» frå , den 4. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Abruzzo Kategori:Provinsar i Italia