mini|Stortingsgata 16 - teatrets hovudscene frå 1945 til 1985.

Det Norske Teatret er eit teater i Oslo som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret vart skipa 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.

Historie Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand 2. januar 1913, og la deretter ut på spelferd. Fyrste framsyning i Oslo var 6. oktober 1913 med Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett til nynorsk av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av at riksmålsungdomar prøvde å få stogga dei med makt ved å demonstrere i gata utanfor teatret, dei såkalla teaterslaga. Noko av det same hende i 1948, då teatret framførte Peer Gynt i nynorsk omsetjing, med musikk av Harald Sæverud.

Dei fyrste åra heldt teatret hus i Teatersalen i Rosenkrantz gt 8, hjå Bondeungdomslaget i Oslo. Deretter flytte det til Stortingsgata 16, fram til det i 1985 fekk eit nytt og moderne teaterbygg i Kristian IVs gate. Nybygget var teikna av Arkitektkontoret 4B, og vart heidra med utmerkinga Betongtavlen i 1986.Betongtavlen 1961-2008 frå Betong.net

Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel. Dei største suksessane gjennom tidene har vore musikkspela Les Misérables, Cats, Piaf, Jesus Christ Superstar og Next to Normal. Teatret har også gjeve ut cd-ar, til dømes Så lenge skuta kan gå, som det vann Spellemannprisen med i open klasse i 1979.

Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar staten ut tre av fem valde styremedlemer, medan årsmøtet fritt vel to medlemer. Dei tilsette har to medlemer i styret.

Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teateret.

Teatersjefar 1912–1915 Rasmus Rasmussen 1915–1916 Amund Rydland 1916–1917 Anton Heiberg/Amund Rydland 1917–1918 Amund Rydland 1918–1920 Sigurd Eldegard/Amund Rydland 1920–1922 Amund Rydland 1922–1933 Ingjald Haaland 1933–1934 Hans Jacob Nilsen 1934–1936 Oscar Braaten 1936–1942 Knut Hergel 1942–1945 Cally Monrad 1945–1946 Knut Hergel 1946–1950 Hans Jacob Nilsen 1950–1951 Edvard Drabløs 1951–1953 Ole Gregor Liljedahl Barman 1953–1961 Nils Sletbak 1961–1975 Tormod Skagestad 1975–1976 Svein Erik Brodal 1976–1979 Tormod Skagestad 1979–1990 Svein Erik Brodal 1990–1997 Otto Homlung 1997–2010 Vidar Sandem 2011–2025 Erik Ulfsby 2025– Kjersti Horn

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Alfred Fidjestøl Trass alt. Det norske teatret 1913-2013 Dramatiske scener frå 100 års teatereventyr, Samlaget 2013 ISBN 9788252178753

Kategori:Målrørsla Kategori:Nynorsk Kategori:Teater i Oslo Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Skipingar i 1912 Kategori:Betongtavlen Kategori:Hulda Garborg