Sjøtroll Havbruk er eit norsk selskap som baserer seg på fiskeoppdrett i Hordaland. Det har base i Bekkjarvik på Selbjørn i Austevoll kommune. Selskapet vart stifta i 1980.

Møgsterfamilien på Austevoll satsa på havfiske og oppretta det første fiskeoppdrettsanlegget sitt i 1970-åra. I 1990 vart oppdrettsverksemda samla under namnet Sjøtroll. Selskapet har i dag 22 matfiskanlegg frå Sveio kommune i sør til Osterfjorden i nord. I tillegg har selskapet seks settefiskanlegg og tre foredlingsanlegg. Foredlingsanlegga ligg i Brandasund i Bømlo kommune, Reksteren på Tysnes kommune og på Sotra.

Kjelder

Kategori:Norske føretak Kategori:Næringsliv i Austevoll Kategori:Fiskeoppdrett