Provinsen Verona (italiensk Provincia di Verona) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Verona. Han har eit areal på 3 109 km² og totalt 860 796 innbyggjarar (2004).
mini|venstre|Kart over provinsen Verona
Provinsen grensar mot provinsen Trento i nord, Vicenza og Padova i aust, Rovigo i sør og Mantova og Brescia i sør og vest.
Det er 98 kommunar i provinsen.Dei viktigaste kommunane er mellom anna Bovolone, Bonavigo, Bussolengo, Cerea, Legnago, Negrar, Peschiera del Garda, San Bonifacio, San Giovanni Lupatoto, San Martino Buon Albergo, Soave, Sona og Villafranca di Verona.
Byen Verona er ein verdsarvstad. Byen er mellom anna kjend frå Romeo and Juliet av Shakespeare, med Casa di Giulietta (huset til Juliet med ein balkong som er viktig i stykket) er eit viktig turistmål. Gardasjøen er også eit kjent turistmål i provinsen. Provinsen har elles fleire slott, tårn, kloster og andre gamle bygningar. Valpolicella er kjend for vinane sine. Den største naturlege brua i Europa, Ponte di Veja, ligg også i Verona. Norddelen av provinsen er åslendt med fleire elvar, mellom anna Tartaro, Caslagnaro og Adige.
Største kommunar Per 31. desember 2008) Kommune Folketal Verona 265 368 Villafranca di Verona 32 408 Legnago 25 488 San Giovanni Lupatoto 23 485 San Bonifacio 19 943 Bussolengo 19 439 Negrar 17 128 Sona 16 856 Cerea 16 201 Pescantina 15 859 Bovolone 15 538
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Verona» frå , den 16. desember 2007 og 18. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Italia Kategori:Veneto