mini|Biledsten med seglskip frå Smiss på Gotland. mini|Biledsten med seglskip frå 800-1099 frå Tjängvide på Gotland.

Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet. Ho var prega av vikingane, skandinaviske krigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa med og gjekk over i mellomalderen.

Avgrensing av vikingtida Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787 evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteret på Lindisfarne i 793 som er rekna som starten på vikingtida.Krag (2000): 28Jon Vidar Sigurdsson (1999): 10 Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidleg på 700-talet.Norgeshistorie.no, Per Ditlef Fredriksen, «Grunnlaget for vikingtida». Henta 21. des. 2017. Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.

Årsaker til at folk reiste i viking

Ein veit ikkje kvifor folk byrja å dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i hans iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.

Kjelder Referansar

Bibliografi Jon Vidar Sigurdsson, Norsk historie 800-1300. Det norske samlaget, Oslo 1999 Krag, Claus, Norges historie fram til 1319. Universitetsforlaget, Oslo 2000 Delar av denne artikkelen bygger på «Vikingtiden» frå , den 4. november 2018.

Bakgrunnsstoff Arkeologinettstaden Gamle Naboar: Vikingtida Vikingtida - presentasjon Vikingtida- undervisingsopplegg Familielivet i vikingtida Vikingtida (793-1066) - Daria.no

kategori:Norrøn tid kategori:europeisk historie kategori:skandinavisk historie