22. februar er den 53. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 312 dagar att av året (313 under skotår).

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det sanktlusianske flaggetNasjonaldag på Saint Lucia

Religiøs helgedag

Primstaven Peters stol

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Apostelen Peters stol

Hendingar Kvart år: Speidarar over heile verda feirar Tenkedagen.

Utlandet 1922: Egypt vart sjølvstendig frå Storbritannia. 1943: Christoph Probst, Hans Scholl og Sophie Scholl frå mostandsgruppa Den kvite rosa vart avretta av det tyske naziregimet i München. 1944: Over 750 menneske mista livet under amerikansk bombing av Nijmegen i Nederland. 1979: Saint Lucia vart sjølvstendig frå Storbritannia. 1998: Vinter-OL 1998 vart avslutta i Nagano. 2006: Den sjiamuslimske heilagdomen Al-Askaria i Samarra i Irak vart utsett for eit bombeåtak.

Noreg 1756: 32 menneske omkom i Tjelle-skredet i Nesset kommune. 1945: Alle seks ombord i motorskøyta «Herold» av Harøysund kom vekk i forlis på Hustadvika. 1946: Samferdselsdepartementet vart oppretta ved kongeleg resolusjon. Arbeidsdepartementet lagt ned same dag. 1975: Trettenulykka: 27 menneske omkom då dagtoget frå Oslo kolliderer ved Tretten med ekspresstoget frå Trondheim.

Fødde mini|Hulda Garborg

1403: Kong Karl VII av Frankrike (1422-1461) 1732: George Washington, amerikansk president (1789-1797) 1817: Niels Wilhelm Gade, dansk komponist, dirigent, fiolinist, organist og lærar 1843: Helle-Pe, norsk spelemann 1857: Robert Baden-Powell, grunnleggjaren av speidarrørsla 1862: Hulda Garborg, norsk forfattar og kulturberar 1864: Jakob Jakobsen, færøysk språkforskar 1926: Finn Gustavsen, norsk politikar 1931: Georg Johannesen, norsk forfattar og professor 1933: Tor Erling Staff, norsk jurist 1940: Ola Breivega, norsk filolog og målmann 1940: Jon Elster, norsk filosof og samfunnsforskar 1943: Horst Köhler, tysk president (2004-) 1956: Harald Aabrekk, norsk fotballspelar og fotballtrenar 1962: Steve Irwin, australsk fjernsynspersonlegdom og naturvitskapsmann 1969: Shaka Hislop, trinidadisk-britisk fotballspelar 1974: James Blunt, britisk musikar 1983: Alanzinho, brasiliansk fotballspelar

Døde mini|Målaren Camille Corot døydde i 1875 og vart gravlagd på Père Lachaise-gravstaden i Paris

1550: Michimalonco, mapucheleiar i noverande Chile 1797: Baron von Münchhausen, tysk friherre og anekdoteforteljar 1875: Camille Corot, fransk målar 1883: Ole Welde, norsk bonde og politikar 1943: Christoph Probst, Hans Scholl, og Sophie Scholl, tyske studentar og opposisjonelle 1999: Hans Skjervheim, norsk filosof 2004: Irina Press, sovjetisk friidrettsutøvar 2017: Dag Østerberg, norsk sosiolog