Bergen søvnsenter er ein søvnklinikk i Bergen som greier ut og behandlar søvnlidingar. Senteret vart etablert i 1996.
Frå 2014 arbeidde Bjørn Bjorvatn og Fred Holsten saman med Øystein Vedaa. Bjorvatn er lege, professor og søvnforskar, Holsten var lege, professor og spesialist i psykiatri, og Vedaa er psykolog, ph.d. og søvnforskar. Etter at Holsten gjekk bort i 2026, blir senteret drive av Bjorvatn og Vedaa.
Senteret greier ut og behandlar alle typar søvnlidingar, mellom anna insomni, søvnrelaterte pusteforstyrringar, sentrale hypersomniar, døgnrytmelidingar, parasomniar og søvnrelaterte rørsleforstyrringar. Senteret har pasientar frå heile landet. Konsultasjonane skjer ved oppmøte i Bergen eller på video.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Helseinstitusjonar i Noreg Kategori:Skipingar i 1996