mini|høgre|Copyright-symbolet vert ofte brukt for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg. Opphavsrett er den retten skaparen av eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk åndsverk har til verket. Opphavsretten oppstår automatisk når det skapte verket oppnår verkshøgd, og treng ikkje blir hevda gjennom registrering eller liknande. Det er heller ikkje noko vilkår for å hevde opphavsrett at ein merkjer utgivingar av verket med copyright-symbolet (©). Når dette likevel ofte blir gjort er det for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg med omsyn til utnytting av verket. Opphavsretten vernar utforminga av verket, men derimot ikkje idear, teknikkar, kunnskap eller metodar. Det er måten ideane, kunnskapen og metodane kjem til uttrykk gjennom opphavsmannen sin skapande innsats som blir verna, ikkje ideane, kunnskapen eller metodane i seg sjølve.

Den som har skapt verket kan velje å la andre fritt få lov til å utnytte det, eventuelt at det kan utnyttast på visse måtar og på nærmare vilkår. Han kan òg velje å overdra opphavsretten heilt eller delvis. Vernet er tidsavgrensa.

Opphavsretten er ei grein innan immaterialretten, som regulerer rettar til ikkje-fysiske objekt.

Historia til opphavsretten

Den første lova om opphavsrett kom i Storbritannia i 1710, då Det britiske parlamentet vedtok The Statute of Anne. Denne lova gav forfattarar eller forlag ein einerett på 14 år til å trykkje bøkene sine. Eineretten kunne fornyast ein gong om forfattaren framleis var i live. Eineretten omfatta berre boktrykking, og regulerte ikkje ting som omsettingar av litterære verk eller oppsettingar av skodespel. Utover på 1700-talet arbeidde forleggjarane med å få vernetida utvida, og dei gjekk til retten for å gjere eineretten evigvarande. Dette stridstemaet vart ikkje avklåra før ved ei rettsavgjerd i House of Lords (som er Storbritannias høgsterett) i 1774, der idéen om ein evigvarande opphavsrett vart forkasta. Avgjerda skapte omgrepet «public domain», verk der opphavsmannen sin kontroll over bruken var stoppa.

Sambandsstatane fekk den første føderale lova om opphavsrett i 1790. Den amerikanske grunnlova gjev Kongressen høve til å «fremje vitskap og kunst» ved å gje forfattarar og oppfinnarar ein tidsavgrensa einerettUSAs grunnlov, seksjon 8 Som i Storbritannia varte eineretten opphavleg i 14 år, med høve til å fornye den éin gong. For at eit verk skulle omfattast av opphavsretten måte opphavsretten bli registrert i eit offentleg register, noko som vart gjort for omtrent 5 % av alle publiserte verk. Vernetida vart utvida i 1831 og i 1909, og sida 1962 har vernetida blitt utvida heile 11 gonger. Den siste utvidinga kom i 1998 med Sonny Bono Copyright Term Extension Act, noko som sette vernetida til opphavsmannen si levetid + 70 år.Lessig, side 133-134

I løpet av attenhundretalet voks òg opphavsretten fram i Frankrike. Mens den anglo-amerikanske copyright dreidde seg om økonomiske rettar, voks det i Frankrike fram eit system basert på droit d'auteur, forfattaren sine rettar. Denne var klassifisert i dei to hovuddelane droits patrimoniaux (økonomiske rettar) og droits moraux, moralske eller ideelle rettar. I 1761 vart det slått fast at opphavsretten gjekk i arv, etter at Jean de La Fontaines arvingar gjekk til retten for å få kontroll over verka han etterlét seg. I 1777 slo to andre rettsavgjerder fast at forleggjarane sine rettar ikkje varte lenger enn i levetida til opphavsmannen.

Rettsgrunnlaget til opphavsretten

Bernkonvensjonen – internasjonale fellestrekk og forskjellar

Den overordna rettskjelda på opphavsretten sitt område er den verdsomspennande BernkonvensjonenNågjeldande utgåve av Bernkonvensjonen om vern av litterære og kunstnariske verk frå 1886. Dei aller fleste land er tilslutta denne konvensjonen, som knesett visse grunnleggjande prinsipp for nasjonalt rettsvern. Eit sentralt siktemål med konvensjonen var å hindre misbruk av åndsverk på tvers av landegrenser, noko som vart gjort mogeleg av at den nasjonale lovgivinga opphavleg berre verna nasjonale verk. Ved tilslutning til konvensjonen forplikta medlemslanda seg til å gje utanlandske verk den same vern som nasjonale verk, samtidig som det kom på plass minimumskrav til omfanget til vernet. Eit tredje sentrale prinsipp var det som nemnt først, nemleg at vernet oppstår i og med skapinga av verket, og ikkje krev noka registrering, markering eller andre formalitetar. Noreg slutta seg til konvensjonen allereie i 1886, Danmark kom til i 1903, Sverige i 1904 og Finland i 1928. Eit land som USA, som hadde krav til registrering som ein sentral del av lovverket, slutta seg derimot ikkje til før i 1989.

Bernkonvensjonen har hjelpt til å harmonisere regelverket på opphavsretten sitt område internasjonalt, særleg på den måten at dei to hovudretningane (tradisjonane) innan opphavsretten, den franske droit d'auteur og den anglo-amerikanske copyrighten, har nærma seg kvarandre. Desse to retningane hadde utvikla seg på ulik måte. Den franske retninga, som er gjeldande i mesteparten av Europa med unnatak av Storbritannia (kontinental rett), var basert på lovgiving, noko som resulterte i at dei opphavlege opphavsmennene vart gjevne eit utstrekt vern, òg utover dei rent økonomiske interessene – dei vart gjevne såkalla moralske eller ideelle rettar. I den anglo-amerikanske tradisjonen, som omfattar Storbritannia, USA, Australia og einskilde andre tidlegare britiske koloniar, var reglane derimot blitt til gjennom prejudikat frå domstolane. Her stod dei økonomiske rettane i fokus, mens dei ideelle rettane ikkje var inkluderte i vernet. Som følgje av dette fekk arbeidsgjevarane ei betre stilling, ved at dei fekk overført alle rettane til verket, utan å måtte ta omsyn til den umiddelbare skaparen av verket.

Etter innføringa av Bernkonvensjonen har dei ideelle rettane fått eit visst innpass òg i anglo-amerikansk rett. Ein forskjell som framleis eksisterer er likevel at ein innan anglo-amerikansk rett kan overføre òg dei ideelle rettane, noko som ikkje er mogeleg innan kontinental rett. Her kan ein likevel fråskrive seg desse i stor grad, slik at den reelle forskjellen ikkje blir stor. Ein annan forskjell er at mens den kontinentale rettstradisjonen føreskriv at opphavsretten alltid oppstår hos den originale opphavsmannen (han som skaper verket), er ikkje dette like absolutt i den anglo-amerikanske tradisjonen. Her er reglane slik at opphavsretten til verk som blir skapt i ein arbeidssituasjon ofte vil høyre til arbeidsgjevar (såkalla «work for hire»). Heller ikkje her er forskjellen veldig stor, ettersom land innan kontinental tradisjon har reglar som gjer at opphavsretten i slike situasjonar ofte vil gå over til arbeidsgjevar automatisk. Dei ideelle rettane vil rett nok her bli verande hos arbeidstakaren i større grad.

Det er viktig å vere merksam på at sjølv om dei fleste land i verda er tilslutta Bernkonvensjonen, betyr ikkje dette at omfanget av vernet er det same i alle land. Den viktigaste plikta konvensjonen medførte var som sagt å handsame alle verk likt uavhengig av nasjonalitet, og dei minimusmbetingelsane som vart stilt til vernet i det einskilde landet fekk liten aktualitet i dei fleste vestlege land ettersom vernet her allereie var minst like omfattande. Konvensjonen hindrar for eksempel ikkje at krava til verkshøgd varierer ein del frå land til land. Krava som blir stilte er såleis allment noko strengare i Tyskland og dei nordiske landa, enn dei er i land som Storbritannia og USA, samt andre land på det europeiske kontinentet. At eit verk oppstår åndsverkstatus i f.eks. Spania er såleis ikkje nokon garanti for at verket vil vere verna i Noreg.

I tillegg til Bernkonvensjonen finst det òg anna opphavsrettsleg regulering på internasjonalt nivå som er relevant. Først og fremst gjeld dette EU sitt Infosoc-direktiv om opphavsrett, som er bindande òg for EFTA-landa gjennom EØS-avtalen. Ein annan viktig konvensjon er WIPO Copyright Treaty, utarbeidde av FN-organisasjonen WIPO Denne konvensjonen utfyller Bernkonvensjonen, og stiller til på nokre område strengare krav enn det Bernkonvensjonen gjer.

Nasjonalt lovverk Dei nærmare reglane om opphavsrett vil altså variere frå land til land, og må finnast i dei einskilde statane sitt lovverk. I Noreg blir opphavsrett regulert gjennom lov av 12. mai 1961 om opphavsrett til åndsverk m.v.Åndsverkloven hos Lovdata (Åndsverklova eller Opphavsrettloven), forkorta åvl. Lova vart skapt gjennom eit samarbeid med dei andre skandinaviske land, og det er derfor stor grad av rettslikskap mellom norsk, svensk og dansk rett. Lova har blitt revidert fleire gonger, seinast i 2005, då for å harmonisere norsk lov med det tidlegare nemnde EU-direktivet.

Oversikt over Åndsverkloven Hovudregelen i åndsverklova er at skaparen av verket har einerett til å rå over det (åvl. § 2). Dette vil seie at opphavsmannen har einerett til eksemplarframstilling og einerett til å gjere verket tilgjengeleg for allmenta. Nærmare føresegner som regulerer dette finst i lova sitt kapittel 1. Lova inneheld vidare ei gruppe med reglar som avgrensar og spesifiserer nærmare opphavsmannen sine rettar, dei såkalla lånereglane (kapittel 2), reglar om overføring av opphavsrett (kapittel 3), vernetid og sanksjonar ved krenking av opphavsretten (sjå nærmare om dette nedanfor). Lova inneheld i tillegg visse særlege reglar, sjå nærmare kapittel 6.

I tillegg til eigentleg opphavsrett regulerer Åndsverkloven dessutan dei nærståande rettane, sjå lova sitt kapittel 5. Dette er rettar som ligg nært opp til opphavsrett i art, og som er omfatta av delar av det same vernet. Eksempel på kreasjonar som er underlagt vern etter kapittel 5 er mellom anna utøvande kunstnarar sine framføringar, databasar, fotografiske bilete som ikkje er åndsverk og lydopptak.

Arten og omfanga av opphavsrettvernet

Krav til åndsverkstatus

Åndverkloven § 1 gjev eksempel på 13 former for verk som kan ha opphavsrett:

skrifter av alle slag munnlege foredrag sceneverk, så vel dramatiske og musikkdramatiske som koreografiske verk og pantomimar, samt høyrespel musikkverk, med eller utan tekst filmverk, fotografiske verk måleri, teikningar, grafikk og liknande biletkunst skulptur av alle slag bygningskunst, så vel teikningar og modellar som sjølve byggverket biletvev og gjenstandar av kunsthandverk og kunstindustri så vel førebiletet som sjølve verket kart, samt teikningar og grafiske og plastiske bilete av vitskapleg eller teknisk art datamaskinprogram, omsettingar og omarbeiding av verk som er nemnte framom

Denne lista inneheld dei viktigaste typane av åndsverk, men er ikkje meint å vere uttømmande. Òg andre tilverkingar kan altså oppnå åndsverkstatus så sant dei fell innanfor ein av kategoriane litteratur, vitskap eller kunst. Desse omgrepa må forståast i noko vidare forstand her enn det som elles er vanleg. For eksempel vil både filmar og datamaskinprogram falle inn under kategorien litterære verk. På den anna side er kategorien vitskaplege verk eigentleg unødvendige, ettersom det som kan karakteriserast som vitskaplege tilverkingar uansett ville fall inn under litteratur-kategorien.

At noko er «tilverka» inneber at det må ha forlate opphavsmannen sitt hovud, og kome til uttrykk for omverda. Reine idear eller tankar somme sit inne med kan ikkje oppnå rettsvern. At verket er endeleg skissert (nedskrive, teke opp på band e.l.) er derimot ikkje noko vilkår. Eit dikt som blir improvisert av forfattaren under ei høgtlesing kan vere eit åndsverk, og ein tilskodar som skriv ned diktet vil dermed ikkje kunne utnytte det på noko måte som er i strid med forfattaren sine rettar.