Indie er ei forkorting for engelske independent, som tyder 'uavhengig'. I utgangspunktet var indie eit namn på musikk av artistar som gav ut musikken sin på uavhengige plateselskap, eller ikkje på plateselskap i det heile. Eit uavhengig plateselskap (indie record label) er eit selskap som ikkje høyrer til eit stort selskap (Virgin er eit stort selskap, medan Creation er uavhengig, for å ta eit døme.).

Ulik bruk av omgrepet «indie» I utgangspunktet vart indie brukt utelukkande om band som gav ut musikken sin på små selskap, og omfatta såleis mange ulike musikksjangrar eller typar av musikk. Med tida har indierock, indiepop og indiejazz, eller berre indie, blitt eigne sjangrar utan at artistane treng å vere knytt til små plateselskap. På 1980-talet vart namna indie og alternativ rock brukt om kvarandre om rock som ikkje var kommersiell, eller som følgde andre retningar enn det som var vanleg på den tida. Utover 1990-talet vart indie dratt opp av undergrunnen ved hjelp av store band som Nirvana og Pearl Jam.

Av fleire grunnar er det vanskeleg å definere sjangeren indie musikalsk. Når det gjeld indierock og indiepop, er musikken hovudsakleg gitardriven, og kan omfatte andre sjangrar som britpop, madchester, tweepop, emo og grunge. Band som ofte vert nemnde i samband med indie-sjangeren er USA-amerikanske Pixies og britiske The Smiths.

Band Dette er eit utval av band som har blitt omtalte som indie, uansett kva slags selskap dei er på. Mange av desse kan ein nok også finna under andre sjangrar. The Apples in Stereo Arcade Fire Arctic Monkeys Athlete Babyshambles Belle & Sebastian Bright Eyes The Bravery British Sea Power Cherubs Clap Your Hands Say Yeah Cocteau Twins Death Cab for Cutie The Flaming Lips Franz Ferdinand Grand Fetish Hard-fi Hot Hot Heat Interpol Jesus and Mary Chain Kaiser Chiefs Kasabian The Killers Modest Mouse My Bloody Valentine Neutral Milk Hotel New Order Temples Young the Giant Boy & Bear Fleet Foxes Of Mice and Men Lockerbie Israel Nash Pavement Pixies Primal Scream Radiohead The Rakes Razorlight The Shins Slint Snow Patrol The Smiths Sonic Youth The Strokes Teenage Fanclub Travis The Unicorns We Are Scientists Yeah yeah yeahs

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Indie» frå , den 15. januar 2008.

Kategori:Musikksjangrar