mini|Bergpreika på ei freske i Markusklosteret i Firenze, måla av Fra Angelico 1437-45 mini|Bergpreika, måla av Carl Bloch mini|Bergpreika på eit glasmåleri i Herzogenbuchsee kyrkje i Sveits, laga av Emil Gerster i 1910-11 etter eit måleri av Eugène Burnand Bergpreika er etter Bibelen Jesu første og lengste tale. I følgje Matteusevangeliet kapittel 5-7Matt. 5-7 heldt Jesus talen på eit fjell like etter at han hadde samla læresveinane til seg. Delar av talen finst òg i Evangeliet etter Lukas.
Oppbygging
Bergpreika er av teologar rekna som ein tematisk samansetjing av forskjellige Jesuord om korleis Guds rike kjem til uttrykk i livet til kvart einskild menneske. Preika har fleire delar:
Introduksjonen Dei som høyrer himmelriket til (sæleprisingane)Mat. 5,3-12Luk. 6,20-49 Saltet og lysetMat. 5,13-16 Jesus og MoselovaMat. 5,17-48 Om korleis ein skal beMat. 6,1-18 Jesu læresveinar og verdaMat. 6,19-34 Jesu læresveinar og dømmesykjaMat. 7,1-14 Jesu læresveinar og dei falske læraraneMat. 7,15-29
Oppfatningar
Det er ulike meiningar om korleis kristne skal oppfatte dei radikale krava i bergpreika, slike som forbodet mot skilsmisse eller kravet om å elske fiendane sine. I Den katolske kyrkja har krava i bergpreika vore rekna som gjeldande for dei mest fromme, som munkar og nonner, medan alminnelege kristne berre skal overhalde dei alminnelege bodorda. Martin Luther tolka krava i bergpreika som uoppnåelege; han meinte den viktigaste funksjonen var å få folk til å innsjå at dei ikkje kan nå frelsa ved å halde lova, berre gjennom tru. Saligprisingane er sett på som uttrykk for den største trøyst Kristus kan gje det lidande mennesket: «Jo meir vi lid, jo meir tolmodig vi ber smertene våre, dess større blir løna vår i himmelen».
Ei moderne tolking av bergpreika er Dierich Bonhoeffers Nachfolge (1937), som vart skriven på 1930-talet som ein reaksjon på den ukritiske måten den kristne kyrkja tilpassa seg det tyske samfunnet på.
Sjå òg Bjelken i ditt eige auge
Kjelder Svensk og dansk Wikipedia Lundes bibelkommentar 1987/1996, ISBN 82-520-4423-9
Referansar
Kategori:Kristendom Kategori:Det nye testamentet Kategori:Matteusevangeliet