Nemunėlis (latvisk Mēmele) er ei elv nord i Litauen og sør i Latvia. Ho spring ut 6 km sør for Rokiškis og renn 191 km før ho renn saman med Mūša nær byen Bauska og dannar den nye elva Lielupe. 75 km av elva renn i Litauen, 76 km langs grensa mellom dei to landa og resten berre i Latvia.
EU gav 100 000 Euro for å oppretta turistruter langs Nemunėlis. Dette opplegget stod ferdig i 2007 med utleige av kajakkar og båtar, i tillegg til campingplassar.Kęstutis Slavinskas, Nemunėlis pritaikomas turizmui, Šiaurės rytai, 17. mai 2006.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nemunėlis» frå , den 20. januar 2008.
Fotnotar
Kategori:Elvar i Litauen Kategori:Elvar i Latvia