Eliteserien er den øvste divisjonen i norsk herrefotball.

Det offisielle namnet var frå 1991 til 2017 Tippeligaen, etter at Norsk Tipping gjekk inn som hovedsponsor, men namnet Eliteserien vart nytta av dei fleste avisredaksjonar og medium som ikkje har senderettar for Tippeligaen. Serien har tidlegare vore kjent under namna Norgesserien (1937–1948), Hovedserien (1948–1962) og 1. divisjon (1963–1990). Namnet Toppserien har òg blitt brukt, men er offisielt blitt overtatt av Toppserien for kvinner. Sesongen 1961/62 vart kjent som «maratonserien» fordi han bestod av 16 lag og strekte seg over eitt og eit halvt år. Det offisielle namnet var likevel framleis Hovedserien.

Eliteserien bestod av 14 lag frå 1995 til 2008. Frå og med Tippeligaen 2009 vart serien utvida til 16 lag. Laga spelar to kampar mot kvar motstandar (heime og borte) i løpet av sesongen, som strekkjer seg frå vår til haust. Dermed spelar kvart lag 30 kampar i Eliteserien.

Laga vert rangert etter: mengde poeng (3 for seier, 1 for uavgjort, 0 for tap) målskilnaden (talet på skåra mål minus talet på mål sleppte inn) talet på skåra mål resultata i oppgjer mellom laga

Dei to laga som er på 15. og 16. plass ved sesongslutt rykker ned, medan laget som kjem tredje sist må spela kvalifiseringskampar mot lag frå Adeccoligaen (divisjonen under Tippeligaen) om den siste plassen i Eliteserien neste år.

Sidan namneendringa til Tippeligaen var serien frem til 2005-sesongen dominert av Rosenborg, som vann tittelen tretten år på rad (1992–2004). Seriemeisteren har rett til å spele kvalifisering til Meisterligaen neste sesong, medan serietoar og -trear, saman med cupvinnaren, får plass i kvalifiseringa til Europaligaen (fram til 2009 kalla UEFA-cupen).

Ulike seriesystem – gradvis utviding av mengd lag og endringar av kvalifiseringsreglar Gjennom tida har seriesystemet blitt endra fleire gonger. I hovudsak har endringane bestått i å endre reglane slik at alle klubbar, uansett kvar i landet dei hadde heimebane, har fått høve til å rykke opp i Eliteserien, i tillegg til å gradvis utvide talet på lag i Eliteserien.

Norgesserien og Hovedserien Den første ligaen arrangert av Noregs Fotballforbund var den såkalla prøveligaen som gjekk i åra 1914–1916 med klubbane Odd, Frigg, Kvik Fredrikshald, Drafn, Mercantile og Larvik Turn. Serien vart ikkje ferdigspelt, men i og med at Odd spelte og vann alle kampane sine ville det uansett ikkje vore mogeleg å ta igjen laget.

Den første nokolunde landsomfattande serien (Norgesserien) vart starta i 1937, sjølv om «landsomfattande» er eit sterkt ord for eit system som ikkje dekte dei tre nordlegaste fylka i landet, og heller ikkje Sogn og Fjordane. Lag frå Sogn og Fjordane fekk heller ikkje delta i Hovedserien, og kom først med i det landsomfattande systemet med innføringa av 1. divisjon i 1963. Landet var delt inn i åtte distrikt. Kvart distrikt hadde ein eller to avdelingar, og kåra kvar sin vinnar. Avdelingsvinnarane møttest så i cupspel om seriemeisterskapen. I dei distrikta der ein hadde fleire avdelingar møttest først dei to avdelingsvinnarane for å kåre ein distriktsvinnar. Deretter var det kvartfinale, semifinale og finale for å kåre ein seriemeister. Såvel i seriesystemet i avdelingane som i distriktsfinalane og kvartfinalane møtte ein motstandarane sine både heime og borte. Semifinalen og finalen vart derimot avgjort i ein einskild kamp, med omkamp(ar) ved evt. uavgjort. Då kvar avdeling hadde 6-8 lag, var det under dette systemet ca. 75 lag i den øvste divisjonen i Noreg.

Etter berre tre komplette sesongar (1937/38, 1938/39 og 1947/48) skifta serien namn til Hovedserien og vart krympa til berre to avdelingar, kvar på åtte lag. Dei to avdelingsvinnarane møttest i ein finale for å avgjere seriemeisterskapen. I denne perioden starta serien om hausten, og etter ein lang vinterpause fortsette han om våren.

1. divisjon – utviding av tal på lag I 1961 gjekk NFF inn for å gå over til éin toppdivisjon med ti lag, der sesongen vart spelt gjennom kalenderåret. Sesongen 1961/62 («Maratonserien») vart dermed ein overgangsssong, der dei 16 laga spelte i éin divisjon gjennom eitt og eit halvt år for å kome med i ti-klubbsserien. I 1963 vart seriesystemet lagt om til éi avdeling med ti lag i toppdivisjonen

Ein allnorsk serie Lag frå Nord-Noreg hadde ikkje høve til å kvalifisere seg til den øvste divisjonen før i 1972. Store reiseavstandar vart brukt som argument mot å inkludere nordnorske lag. Men òg ei førestelling om eit dårlegare nivå i nord bidrog til eit delt fotballrike. Det delte seriesystemet skapte stor harme i dei store nordnorske fotballbyane på den tida, Narvik og Bodø. Bodø hadde allereie i 1952 teke i bruk ein sivil flyplass med daglege SAS-avgangar til Oslo, slik vart argumentet til NFF om reise stadig mindre relevant. Dei tre nordlegaste fotballkrinsane arrangerte frå 1929 eit eige Nord-Noregsmeisterskap i fotball. Det nordnorske meisterskapet hadde derimot ingen offisiell status hos NFF og vinnaren fekk aldri spele nokre offisielle kampar mot dei beste laga i sør.

I Fotballforbundet si offisielle jubileumsbok «Fotball! Noregs Fotballforbund 100 år» blir seriesystemetet omtalt slik: «Landsdelen hadde fått eit særs så godt fotballag der hardtarbeidande lokale spelarar var blanda med heimvendte søner med heltestatus som måtte overkome ikkje berre motstandarar på banen, men òg eit djupt urimeleg seriesystem. Urettferda i dette beviste Glimt gjennom cup-prestasjonane sine».

Øvste divisjonen hadde ti lag til og med 1971-sesongen. I 1972-1994 hadde øvste divisjonen tolv lag. Ved omlegginga til tolv lag i den øvste divisjonen fekk Mjølner frå Narvik delta som første nordnorske lag. Forskjellsbehandlinga fortsette derimot mellom nord og sør òg på 70-talet. Frå 1972 bestod nest øvste nivå av tre avdelingar: to sør for Nordland og ein for Nord-Noreg. Vinnarane i dei to sør-avdelingane fekk direkte opprykk, medan vinnaren i nord måtte ut i kvalifiseringspel mot toarane i sør-avdelingane. Først i 1980 vart systemet slik at dei gode laga rykte direkte opp uansett kvar i landet dei kom frå.

Tippeligaen og utviding til 14 og 16 lag Føre 1991-sesongen gjekk Norsk Tipping inn som hovudsponsor for Eliteserien og namnet på den øvste divisjonen vart endra frå Førstedivisjon til Tippeligaen.

Mellom 1995 og 2008 hadde divisjonen 14 lag. Frå og med sesongen 2009 har det vore 16 lag i den øvste divisjonen, dermed vart sesongen 2008 ein «overgangssesong». I denne sesongen rykte det dårlegaste laget i Eliteserien ned. Dei tre beste laga frå Adeccoligaen rykte opp, medan nest dårlegaste laga i Eliteserien spelte kvalifisering mot det fjerde beste laget i Adeccoligaen. Den nye 16-lags serien frå 2009 fekk ordninga med at dei to nedste laga rykte direkte ned, medan det tredje dårlegaste spelte kvalifisering mot laga som kom på tredje-, fjerde- og femteplassen i Adeccoligaen. Frå 2011 vart kvalifiseringa heilt fjerna med grunngjevinga at det er for seint å spele kvalifisering etter serieslutt i Tippeligaen, som er flytta tre veker, frå første til siste helg i november. Ordninga vart likevel gjeninnført etter eitt års fråvær.

I juni 2011 vart det kjent at Noregs Fotballforbund hadde inngått ein sendeavtale med Canal Plus, som blant anna sendar reklame for utanlandske speleselskap retta mot eit norsk publikum. Dette førte til reaksjonar frå Norsk Tipping, som melde at dei hadde «vedteke å gjere ei vurdering av heile avtala».

Medaljeoversyn

Norgesserien 1937/38: Fredrikstad, Lyn 1938/39: Fredrikstad, Skeid 1939/40: avbrote på grunn av andre verdskrig. 1940–47: ingen serie blei spela. 1947/48: Freidig, Sparta

Hovedserien

1. divisjon

Tippeligaen

Gullfordelinga

1972–2015 (allnorsk seriesystem) Rosenborg (1985,1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015) Viking (1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991) Lillestrøm (1976, 1977, 1986, 1989) Vålerenga (1981, 1983, 1984, 2005) Molde (2011, 2012, 2014) Start (1978, 1980) Brann (2007) Moss (1987) Stabæk (2008) Strømsgodset (2013)

1963–2015 Rosenborg (1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015) Viking (1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991) Vålerenga (1965, 1981, 1983, 1984, 2005) Lillestrøm (1976, 1977, 1986, 1989) Molde (2011, 2012, 2014) Brann (1963, 2007) Lyn (1964, 1968) Start (1978, 1980) Strømsgodset (1970, 2013) Moss (1987) Skeid (1966) Stabæk (2008)

Publikum Sjå òg Tilskodartal i Tippeligaen. Det vart spelt 132 kampar i året fram til 1994. Året etter vart ligaen utvida med to lag, og talet på kampar vart 182 i året. Frå 2009 spelar 16 lag i den øvste serien noko som tyder 240 kampar i løpet av sesongen.

ÅrTotaltGjennomsnitt1980671 1765 0841981775 9565 8781982603 0274 5681983729 0435 5231984568 7654 3081985581 1774 4031986426 3493 2291987469 0303 5531988576 2574 3651989624 6794 7321990647 4894 9051991706 5085 3521992671 9035 0831993731 5655 5421994688 5895 216 ÅrTotaltGjennomsnitt1995841 7174 6241996841 3684 6221997772 1974 2421998959 3175 2701999983 6305 40420001 024 7225 63920011 013 2645 56720021 092 3596 00220031 198 7986 58720041 458 2588 01220051 727 2129 49020061 656 3079 10120071 906 13610 47320081 785 8159 81220092 151 8258 96620101 909 1658 124

Flest kampar totalt SpelarTidsromKamperRoar Strand1989–2010439RBKweb - Legender: Roar StrandDaniel Berg Hestad1993–401Christer Basma1993–2008348Ola By Rise1977–1995346Runar Berg1990–2010345Erik Hoftun1992–2005336Bjørn Johansen1987–2005334Svein Mathisen1973–1989327Arild Sundgot1995–2011322Jan Derek Sørensen1992–2009317

Toppskårarar 1949–2015

Rekordar i norsk eliteserie sidan 1963 Sjå òg Norske fotballrekordar. Flest mål i éin kamp: 6 Odd Iversen (Rosenborg- 7-2, 20. oktober 1968) Jan Fuglset (Strømsgodset-Molde 1-6, 17. oktober 1976) Flest mål i éin sesong: 30 mål, Odd Iversen, Rosenborg (1968) Flest mål totalt: 172 mål, Sigurd Rushfeldt, Tromsø og Rosenborg (sjå heile lista) Flest seriemeisterskap: 22, Rosenborg Flest seriemeisterskap, individuelt: 16, Roar Strand, Rosenborg Flest andreplasser: 7, Lillestrøm og Molde Flest tredjeplasser: 8, Viking Flest nedrykk: 8, HamKam Høgaste poengsum i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 28 poeng, Lyn (1968) Høgaste poengsum i ein sesong 1972–86 (22 kampar/2 p for siger): 36 poeng, Lillestrøm (1977) Høgaste poengsum i ein sesong 1987–94 (22 kampar/3 p for siger): 52 poeng, Lillestrøm (1989) Høgaste poengsum i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 63 poeng Rosenborg (1998) Høgaste poengsum i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 69 poeng Rosenborg (2009) Lågaste poengsum i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 2 poeng, Sandefjord BK (1965) Lågaste poengsum i ein sesong 1972–86 (22 kampar/ 2 p for siger): Os Turn 5 poeng (1975) Lågaste poengsum i ein sesong 1987–94 (22 kampar/ 3 p for siger): Djerv 1919 13 poeng (1988) og Moss 13 poeng (1990) Lågaste poengsum i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): Start 11 poeng (2002) Lågaste poengsum i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): Sandefjord 12 poeng (2010) Flest sigrar i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 14 sigrar, Lyn (1968) Flest sigrar i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 16 sigrar, Fredrikstad (1972), Viking (1972) og Lillestrøm (1977, 1986 og 1989) Flest sigrar i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 20 sigrar, Rosenborg (1998) Flest sigrar i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 20 sigrar, Rosenborg (2009) Færrast sigrar i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 0 sigrar, Sandefjord (1965) Færrast sigrar i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 0 sigrar, Os (1975) Færrast sigrar i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 2 sigrar, Start (2002) Færrast sigrar i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 2 sigrar, Lyn (2009) og Sandefjord (2010) Flest uavgjort i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 9 uavgjort, Lyn (1966) Flest uavgjort i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 12 uavgjort, Haugar (1981) og Brann (1992)