90 Antiope er ein dobbelasteroide i hovudbeltet. Han vart oppdaga 1. oktober 1886 av Robert Luther og er namnsett etter Antiope frå gresk mytologi, men det er usemje om han er namnsett etter amasonen Antiope eller Antiope, mora til Amfion og Zethus.

Antiope går i bane i den ytre tredjedelen av kjerneregionen i hovudbeltet, og er medlem av Themis-familien. Som dei fleste asteroidane i regionen er han ein mørk C-type-asteroide, noko som tyder på ei karbonhaldig samansetning. Den låge tettleiken (1,25 ± 0,05 g/cm³) gjer at ein ser for seg ein porøs lekam (>30%) som vart danna då bitar frå ein tidlegare asteroidekollisjon samla seg.

Ein stjerneokkultasjon av Antiope vart observert 11. juni 1980.

Dobbelasteroiden

Det mest merkverdige med Antiope er at han består av to nesten like store delar (massedifferansen er på mindre enn 2,5%), noko som gjer han til ein sann dobbelasteroide. Asteroiden sin binære natur vart oppdaga 10. august 2000 av ei gruppe astronomar som nytta seg av adaptiv optikk ved Keck-teleskopet på Mauna Kea. IAUC 7503 Asteroide «nummer to» har fått overgangsnamnet S/2000 (90) 1.

Kvar av dei to delane er omtrent 86±1 km på tvers medan sentruma deira er skilde av berre 170 km. Dette gjer at dei to asteroideoverflatene ikkje ligg meir enn omtrent 60 km frå kvarandre. Dei to lekamane går i bane rundt eit felles massesentrum som ligg i rommet mellom dei to. Rotasjonsperioden er på omtrent 16,50 timar, eksentrisiteten under 0,03 (beste estimat på 0,01 ± 0,02). Med årsmellomrom okkulterar dei to asteroidane kvarandre sett i frå jorda. Ved bruk av Kepler si tredje lov kan ein finna massen frå baneperiodane og storleikane til dei to delane.

Baneaksen til dei to asteroidekomponentane peikar mot ekliptikkordinatane (β, λ) = (200°, 38°) ± 2°.Descamps et al., 2007, Icarus-artikkel publisert april 2007

Observasjonar ved hjelp av adaptiv optikk med 8-10-meterteleskop, og fotometriske lyskurveobservasjonar over fleire månader har gitt mogelegheiter for å finna ut av ei rekkje andre fysiske parameter: formene til dei to asteroidekomponentane, overflatespreiing, massetettleik og indre eigenskapar. Formmodellen tilseier at dei to delane ikkje er heilt sfæriske og at dei har eit storleiksforhold på 0,95 (snittradius på 42,9 km).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «90 Antiope» frå , den 24. januar 2008.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

«Discovery of Companions to Asteroids 762 Pulcova and 90 Antiope» SWrI-pressemelding Data for (90) Antiope frå Johnston sitt arkiv - vedlikehaldt av W. R. Johnston Data for Antiope-systemet på nett - vedlikehalde av F. Marchis; inkluderer bilete og simulasjon av okkultasjonar. ESO-pressemelding publisert 29. mai 2007 UC-Berkeley-pressemelding frå 29. mai 2007 «Binary asteroid revealed as twin rubble piles»

Antiope Antiope Antiope Antiope