Folden var frå 1837 til 1887 eit herad i Nordland, oppretta som Folden formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1887 vart heradet delt i Sørfold og Nordfold-Kjerringøy herad. Folden herad hadde ved delinga 3 293 innbyggarar.
Namnet kjem frå eit opphavleg fjordnamn, «Fold». Folda er no ytterdelen av fjorden som delar seg i armane Sørfold og Nordfold.
Kjelder O. Rygh: Gaardnavne i Nordlands amt 1905 Tilsvarande artikkel på bokmålswikipedia
Kategori:Tidlegare kommunar i Nordland Kategori:Historie i Steigen Kategori:Historie i Sørfold Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1887