Haram er ein norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Vestnes kommune i aust og mot Skodje i Ålesund kommune i søraust. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund, og mot vest ligg øykommunen Giske. Mot nord ligg Sandøy i Ålesund kommune og Midsund i Molde kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag innbyggjarar.
Frå 1. januar 2020 var kommunen del av Ålesund kommune. Frå 1. januar 2024 vart Haram skild frå Ålesund att, og vart på nytt ein sjølvstendig kommune.«Slik blir overgangen til ny kommune»
Geografi Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.
Tettstader Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal per 1.1.2009 i parentes: Kommunesenteret Brattvåg () Vatne () Søvik (636) Austnes (391)
Kommunen Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 17.februar 2010
1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis: Dåverande Haram kommune, med unntak av Myklebustområdet på Harøya med øyane vestanfor (Uksøya, Storholmen m.fl.), som gjekk til Sandøy kommune, med innbyggjarar Dåverande Vatne kommune, med unntak av Dryna og området på Midøya, som gjekk til Midsund kommune, med innbyggjarar. Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestanfor dåverande Borgund kommune, med 1191 innbyggjarar.Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 61, vitja 17.februar 2010 Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed innbyggjarar.
Næringsliv Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.
Kjende folk frå Haram kommune Olaus Alvestad (1866–1903), folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør Ingebrigt Davik (1925–1991), forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar Ingebrigt Andreas Fjørtoft (1859–1927), døvelærar Lauritz Fjørtoft (1877–1941), døvelærar Olaus Fjørtoft (1847–1878), journalist og politisk agitator Bjarne Flem (1914–1999), fiskar og politikar Per Oddvar Hildre (f. 1950), kordirigent Knud Leem (1697–1774), prest, misjonær og språkforskar John O. Longva (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sunnmøre Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020 Kategori:Norske kommunar skipa i 1838