Kotsjani (makedonsk Кочани) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kotsjani og Orizari.
Kommunen har eit areal på 375,44 km². I 2021 hadde kommunen 31 602 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 24 632 innbyggjarar.
Kotsjani er eit senter for risproduksjon i landet og er kjend for dei geotermiske kjeldene rundt byen. Han ligg 120 km frå Skopje, aust i landet. Nord for byen ligg fjellet Osogovo, og i sør ligg Platsjkovitsa.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Kotsjani 28 330 24 632 Orizari 3 766 2 737 1 225 1 001 1 288 930 704 571
Bakgrunnsstoff Kotsjani på discoverkocani.com
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kočani» frå , den 2. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Aust