Tobias Brodtkorb Bernhoft, kjend som Bias Bernhoft () var ein norsk songar og revyforfattar.
Karriere Bernhoft var fødd på Mjølfjell.Biografi i Store norske leksikon Han debuterte som revysongar i 1926, og avslutta karrieren med å skriva tekstar til Jens Book-Jenssen i 1974. Gjennom hundreåret var han ein av dei viktigaste bakmennene i norsk revy, og skreiv for og/eller samarbeida med Arild Feldborg, svigersonen Bjørn Sand, Leif Juster, Einar Rose, Lalla Carlsen, Elisabeth Granneman, Kari Diesen, Wenche Myhre, Dizzie Tunes og Dag Frøland. Mellom Bernhoft sine kjende revyviser kan nemnast «Karl Johan og jeg» og «Omatt og omatt». Bias Bernhoft døydde i Oslo.
TV-portrettet Teksten var av Bias Bernhoft vart sendt i NRK i 1965. I det private dreiv han frå 1928 ein tobakksforretning på Majorstuen i Oslo. Denne vert i dag (2008) driven av dotter hans, Unni Bernhoft Sand, som også har ei fortid på «dei skrå breiddene». Bias Bernhoft vart tildelt Leonardstatuetten i 1973.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bias Bernhoft» frå , den 3. februar 2008.
Kategori:Revyliv i Noreg Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Voss