San Pawl il-Baħar (engelsk St. Paul's Bay) er ein by på Malta med 13 412 innbyggjarar (2005). Han ligg nordvest på øya Malta, 16 km frå hovudstaden Valletta.
Namnet refererer til skipsforliset til Paulus, som er dokumentert i Apostelgjerningane. Ein meiner at skipet hans forliste på St. Paulus-øya, som ligg utanfor bukta.
Sjølv om byen har litt over 13 000 innbyggjarar stig folketalet til om lag 60 000 frå juni til september på grunn av dei mange turistane som kjem hit.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St. Paul's Bay» frå , den 3. februar 2008.
Kategori:Byar på Malta