Crmnica er ein region sør i Montenegro som ligg innanfor kommunen Bar. Hovudbyen i regionen er Virpazar. Regionen består av følgjande 27 landsbyar: Boljevići, Braćeni, Brijege, Bukovik, Donji Brčeli, Dupilo, Gluhi Do, Godinje, Gornji Brčeli, Komarno, Krnjice, Limljani, Mačuge, Mikovići, Orahovo, Ovtočići, Popratnica, Seoca, Sotonići, Tomići, Trnovo, Utrg, Virpazar og Zabes.
Regionen er fyrst omtalt på 1200-talet under to ulike namn, Crmnica og Kučevo, som er slaviske versjonar av eit albansk stanamn som tydde ‘raud stad’ (kuq). Begge namna viser til at regionen var kjend for steinbrot med raud stein.
Crmnica er kjend for den gode vinen som vert produsert her, særleg den opphavlege vranac.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crmnica» frå , den 6. februar 2008.
Kategori:Montenegrinsk geografi