Radisson Blu Plaza Hotel (i daglegtale Oslo Plaza) er eit hotell i Oslo sentrum og er, med sine 117 meter, Nord-Europas høgste hotell og den nest høgste bygningen i Noreg. Bygningen er, i likskap med nesten alle bygg i Oslo, mislikt i enkelte krinsar – onde tunger har kalla bygningen «Hotell Hoggjernet»Hotell Hoggjernet: http://www.nytid.no/?sk=9&id=454 Bygningen har likevel ikkje vorten ein «folkefiende», i motsetnad til Postgirobygget, trass i at den er både større og høgre.</onlyinclude>

Hotellet har 37 etasjar og 673 rom med til saman 1500 senger, 140 forretningsrom og 20 suiter. Bygget er ført opp i betong og har rasterfasader i spegelglas. Dei øvste etasjane er avfasa med bratt skråtak på ei side mot eit skarpt møne. Det har dessutan ein utenpåliggjande heis i glas som fører opp til bevertningsstad på toppen. Ei lågblokk i tre etasjar inneheld inngangsparti, lobby, restaurantar og konferansesalar.

Bygget stod ferdig i 1989, og er teikna av White arkitekter. Det blei opna den 14. mars 1990 av kong Olav V. I 1992 blei det reist ei gangbru mellom hotellet og Oslo Spektrum.

Galleri Oslo Plaza

Kjelder

Kategori:Reiseliv i Oslo Kategori:Hotell i Oslo Kategori:Skipingar i 1990