mini|Bokatlas. Atlas er samlingar av kart som kan visa geografiske trekk, stadnamn og politiske grenser, og gjerne også geopolitisk, sosial, religiøs og demografisk statistikk. Dei er tradisjonelt blitt gjevne ut i bokform, men er i nyare tid også blitt laga for datamaskinbruk på CD-ROM og Internett.

Historikk mini|Verdskart frå det første moderne atlaset av Ortelius, Theatrum Orbis Terrarum frå 1570.

Den første boka som kan kallast eit atlas blei laga etter utrekningane til geografen Klaudios Ptolemaios, som levde i Alexandria rundt år 150. Den første utgåva blei gjeven ut i Bologna i 1477, og var illustrert med 27 kart.

Ordsoge Nemninga «atlas» er knytt til titanen Atlas, som i gresk mytologi bar himmelen på skuldrene sine.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Atlas (oppslagsverk)» frå , den 13. februar 2008.

Kategori:Oppslagsverk Kategori:Kart Kategori:Bøker