mini|Torvtak i bygda Bøur på Færøyane. mini|Torvtak i Sleggveien på Røros. Torvtekking er ein type taktekking der ein vasstett membran mot taktroet blir dekt med levande torv. Torvtekte tak blir oftast kalla torvtak. I Noreg i dag er torvtak vanlegast på eldre hus i indre fjord- og dalstrøk.
Historisk var torvtak mykje bruka i byane òg, men på grunn av den store faren for smittebrann i dei tettbygde byane gjekk dei så å seie heilt or bruk. Frå 1980-åra av, da torvtak fekk ein renessanse, har det òg komme enkelte byhus med torvtak att.
Tradisjonelle torvtak har eit undertak av bord (tro), eit lag med bjørkenever og gjerne to lag torv øvst. Mange stader vart det bruka myrtorv i det nedste laget. Myrtorva drenerte betre og gav betre isolasjon mot kulda. No blir det oftast bruka plastplater med knastar som tettesjikt i staden for bjørkenever. I det øvste laget eignar myrtorva seg dårlegare fordi ho krympar lettare og sprekk opp ved uttørking.
Tradisjonell tekking med torv på never mini|Torvtak på garden Kruke i Heidal i Gudbrandsdalen. mini|Torvtak i forfall på utløe i Hemsedal. Torvvolen er borte, men kroken han var festa med er der enno. Det innarbeidde namnet «torvtak» kan gje inntrykk av at torva er hovudsaka. Men torva er berre den mest synlege delen av torvtaket, som like gjerne kunne heitt «nevertak». Bjørkenever var i eldre tid den viktigaste delen av torvtaket. Never var det aktive, vasstette laget i tekkinga.
For folk flest i dag er utsjånaden poenget ved eit torvtak. Denne måten å tenkje på har opna for ulike moderne erstatningsmaterialar under torva. For om eit torvtak berre er ein måte å sjå ut på, er det ikkje så viktig kva som ligg under, berre taket ikkje lek.På eldre torvtak var derimot bjørkenever ein helt nødvendig føresetnad.
Kor viktig nevra var ser vi i at ordet tak tyder ‘never’ på setesdalsmål, mens det som i andre dialektar blir kalla tak, heiter toke i Setesdalen. Eit tak med never og torv blir kalla taktoke eller rett tak i motsetning til andre tekkemåtar.
Never er varig, vasstett, motstandsdyktig og tilgjengeleg over alt i Noreg — eit mesta ideelt materiale til takbruk. Men etter at det er flekka av bjørkestamma vil eit neverflak snart krølle seg motsett veg. Det lyt tyngast ned for ikkje å krølle seg eller blåse bort. Både trevirke og stein har vore bruka til dette, men torv er særleg godt eigna. Torv finst over alt, krev ikkje noko pengeutlegg og isolerer relativt bra mot både kulde og varme. Men oppgåva til torv er først og fremst å halde nevra på plass, så ho kan oppfylle misjonen sin som den eigentlege taktekkinga.
Torvtakshistorie
Tak kan ha vore tekte med never og jord i uminnelege tider. Langhusa frå forhistorisk tid vart truleg oftast tekte slik, i alle fall etter at klimaet vart kaldare i eldre jarnalder, kring 500 fvt. Men strå, lyng og andre vekstar kan òg ha vore bruka, samanbunta i tjukke lag. Da lafteteknikken vart importert austfrå i vikingtida og snart fortrengte stavverk som dominerande byggjemåte, førte det neppe til endringar i så måte. Gjennom mellomalderen fortsette dei fleste husa å vera tekte med torv. Tak som var for bratte, slik som på kyrkjer og naust, vart helst tekte med bord eller spon, medan skifer kunne bli bruka til fjells og bly på nokre få kyrkjetak. Men torvtak med never var regelen.
mini|Kanadisk rekonstruksjon av hus frå vikingtida med torvtak. I bygdene var torvtak mesta einerådande til langt inn på 1700-talet, og berre i sentrale flatbygder nær byene fekk tegltak ei viss utbreiing. Først kring 1900 følgde fjellbygdene og andre utkantstrøk etter. Men da var alternativa fleire, og ofte var det skifer, bølgjeblikk, flis eller papp som erstatta torvtekkinga. På 1600- og 1700-talet fann importert teglstein vegen til bytaka, mest på rike borgarhus og på offentlege bygningar. Berre i Christiania ser det ut til at tegltekking vart gjennomført allereie etter at byen vart flytta i 1624. Enno ei stund inn på 1800-talet var mange småhus i andre byar tekte med torv eller berre bord. Større utbreiing fekk tegltaka først da norske teglverk for ålvor kom i gang sist på 1700-talet.
Bygder som framleis bruka torvtak ved inngangen til 1900-talet gjekk etterkvart over til andre tekkematerialar, men overgangen tok tid. I Hornindal var det enno i 1933 torv på ¾ av alle tak. Etter kvart vart skifer, spon og flis eller stikker meir utbreidde, deretter bølgjeblikk og papp, og så følgde sementstein, bølgjeeternitt og nye platematerialar av metall eller plast.
Men akkurat da torvtekkinga som normal metode var i ferd med å forsvinne, fekk skikken eit brått oppsving: Nasjonalromantikken og den nye nasjonalismen kring 1900 opna to nisjar for overleving. Den eine var friluftsmusea og kulturminnevernet med dei freda husa; den andre var hyttene som byfolk med begeistring for natur og friluftsliv skaffa seg.
Kring 1950 var kontinuiteten i den eldgamle torvtekkingstradisjonen broten. Det vart knapt lagt nokon nye tak med torv på alminnelege bruksbygningar, sjølv om nokre av dei gamle taka vart haldne ved like. Men på hus verna som kulturminne vart torvtaka sett på som viktige, og det same syntest mange hytteeigarar. Mange av dei tidlegaste fjellhyttene var dessutan avlagde bygdestuer som byfolk kjøpte og flytta som ein lettvint måte å skaffe seg husvære i naturen. Frå særfalla kulturminne og hytter begynte torvtaka å finne vegen tilbake til den vanlege husbygginga att. I dei seinaste tiåra har dei vorte stadig vanlegare på nye bustader og bruksbygningar, inkludert i byane.
Lokale tradisjonar mini|Hus med torvtak i bygda Bøur på Færøyane.
Takvinkel Torvtekking vart bruka både på sperretak, åstak og mønsåstak. I nyare tid har reine sperretak vore bruka hovudsakleg på Vestlandet og med relativt bratt takvinkel, gjerne omkring 33° eller brattare. Tømrarane bruka to ulike formlar for å få den rette takvinkelen. Sperrelengda frå mønet til utsida av veggen kunne utgjera 3/5 av husbreidda. Ofte vart det lagt til 1–3 tommar ekstra på sperrelengda. Eller dei gjorde sperrene så lange som ⅔ av husbreidda. I begge falla fekk dei omtrent den takvinkelen som i mange bygder vart kalla «triungsraust», der høgda i gavltrekanten er ⅓ av husbreidda. Slakare sperretak ville gje for stort sidetrykk på langveggene. Men med brattare tak enn triungsraustet på 34° var det fare for at torva ville sige.
Reine åstak var vanlege over mesteparten av Austlandet og Trøndelag, og her var takvinkelen ofte bunden til formelen «fjordungsraust», omkring 27°. Regelen var da at høgda i gavltrekanten utgjorde ¼ av husbreidda. Heilt faste reglar for takvinkelen er det vanskeleg å påvise. Arkitekturhistorikaren Erling Gjone oppgjev at det var skikken i Gudbrandsdalen å legge ei handsbreidd til mønehøgda på store hus og trekkje frå ei handsbreidd på småe. I Hallingdal, Valdres og Setesdal ser det ut til at folk føretrekte brattare tak enn i Gudbrandsdal og Østerdalen. I desse austlegaste dalføra finst det takvinklar heilt ned til 22° — såkalla «femtungsraust». Lokalklimaet og nedbørsmengda kan ha påverka byggjeskikken. Mønsåstaket, eventuelt med to sideåsar, som i nyare tid var svært utbreidd i fjelldalane på Austlandet, fekk ofte ein takvinkel på kring 30°.
Undertak Underlaget for never og torv var vanlegvis et relativt plant bordtak, taktroet.Godal og Moldal 1994 har registrert nøytrumsforma av tro om undertaket som heilheit, medan hokjønnsforma troa blir bruka for kvart enkelt bord på undertaket Med telgja yte eller grov skurflate vart troet ujamt nok til at nevra fekk godt feste. I Setesdal og nokre andre stader sa dei tradisjonelt at borda skulle leggast litt glisse, slik at nokre neverflak kunne gripe fatt i bordkantane. På åstak vart det lagt reistro frå mønet til rafta, på sperretak langtro parallelt med mønet.
Med reistro blir store takutstikk for svake. Takutstikket, som er mest utsett for roteskade, kan vanskeleg utbetrast utan å skøyte borda på første åsen. Rein reistro fanst derfor mest på småe og enkle bygningar. På større og meir forseggjorte hus med åstak gjekk reistroet berre ned til langveggen. Troet utanføre veggen bestod av langsgåande bord eller tro — fortro, ringved eller bruntro — bore av korte raftsperrer (i Gudbrandsdalen berre kalla rafter) frå takkanten til første åsen. Raftsperrene var gjerne telgja slik at dei smalna av oppover. Dei var nagla til åsen, men låg laust i ei skore i raftlægjet, den øvste stokken i veggen. Om dei var festa her, kunne veggene bli pressa utover om åsane bøygde seg.Paulsrud 1984, s. 112
Bordtjukkelsen kunne variere mellom 1" og 2" og var helst over 1½" (3,5 cm). I uthus eller på mørkloft vart det bruka ukanta bord i eldre tid, som regel med vankantane ned. Kantane vart berre grovtelgja for å få bort dei største sprekkene. I stuer og loft med opne rom oppunder taket vart borda meir nøyaktig tilpassa. I nyare tid er pløgde bord blitt bruka til taktro òg.
Bordtak var ikkje heilt einerådande i gamle dagar. Andre trotypar som kan gå tilbake til forhistorisk tid har overlevd lenge nokre stader, mest under enkle tilhøve og i uthus og utmarkshus. Undertak av kløyvd virke (skived, farved) eller staur (i Gudbrandsdal «rundhællingo») er nokre slike eksempel. Sjølve ordet tro kan i seg sjølv tyde ‘stenger’ eller ‘staurar’. Dermed er det rimeleg å tru at undertak med staur eller skier var det vanlegaste i eldre tider. Truleg vart bordtro berre bruka på særleg fine hus den gongen kvart bord måtte telgjast med øks frå ein kløyvd stokk, før oppgangssager gjorde borda rimelegare. Til uthus vart det ofte valt mindre kostbare og arbeidskrevande trotypar. Det finst òg opplysningar om bruk av einekvistar eller samanbunta småkvist som undertak i eldre tid, truleg på ei form for lekter eller tilfar av staur eller skier.
Never Bjørk finst overalt i Skandinavia nordanfor Danmark, og nevra lèt seg lett flekkje av til riktig årstid. Tida føre og kring jonsok vart rekna som den beste tida for dette mange stader, avhengig av lokalt klima og høgd over havet. I mange fjellbygder kan nevra flekkjast heilt til midten av august. Nevra blir teken frå tre med diameter frå 8 til 30 cm, mest mogleg rettvaksne, glatte og frie for kvister og sår. Med ein skarp kniv skjer ein eit loddrett snitt, men ikkje gjennom bastlaget og inn i veden. Flaket blir så breitt som snittlengda og så langt som omkretsen på stamma. Til tekking kan alle format brukast, frå mesta meterlange flak til småe lappar på størrelse med ei handflate. Men idealet er jamstore flak med breidd og lengd frå 30 til 50 cm.
Treet tek ikkje skade om bastlaget får vera i fred. Men treet får eit arr i form av nydanna svart bork som vernar sårflata. Etter sju–åtte år kan denne nye nevra flekkjast av òg. Ho er tjukkare og stivare enn førstegangsproduktet. I Setesdal blir denne kartnevra bruka til dei mest utsette delane av taket, blant anna som berelag for den utstikkande neverkanten på gavlen.
Etter nokre få timar vil neverflaket begynna å krumme seg motsett av retninga på trestamma. Om ein ikkje legg det i press, vil det etter kvart rulle seg i hop til ein tett rull med «innsida» ut. Derfor blir den flekte nevra lagt i lad og tørka under press på eit plant underlag av bord – kvart lag med fiberretninga på tvers av det førre laget. Øvst blir det lagt ein lem som vert nedtyngd med stein.
Tekkjardugnad Taktekking var ofte dugnadsarbeid som heile bedarlaget vart invitert til å delta i. Da skulle torv og never vera henta av husbonden og gardsfolket. Det var gjerne nokre erfarne eldre karar som stod for sjølve legginga på kvar sin teig, mens dei yngre spadde torv og langa never. Takflata vart delt i teigar frå ufs til møne, med ein eller to erfarne karar på kvar teig – like mange som taket var langt i alen. På grunn av vêret skulle tekkinga helst gjerast unna på éin dag, og om det trongst, laut dei ta natta til hjelp.Hjelmeland 1993, s. 159.
Denne dugnaden gjekk under ulike namn. På Nordmøre tala ein helst om tekkjardóna.
Neverlegging