Liv Kari Eskeland () var ordførar i Stord kommune frå 2007 til 2015. Ho representerer Høgre, som fekk ordførarvervet gjennom eit valteknisk samarbeid med Venstre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Demokratane.

Eskeland var ikkje politisk aktiv før valkampen i 2007. Før ho vart ordførar, var ho avdelingssjef i arkitektfirmaet Link-signatur på Stord.

Ho var vararepresentant nr. 6 til Stortinget for Hordaland 2009-2013 og nr. 5 2013-2017. I stortingsperioden 2017-2021 er ho vararepresentant nr. 1 og møter fast som representant for Erna Solberg frå 1. oktober 2017.

Kjelder

Kategori:Norske arkitektar Kategori:Høgreordførarar i Hordaland Kategori:Ordførarar i Stord Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025