Vitskapsåret 1940 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1940.

Hendingar 5. januar - FM-radio vart for første gong demonstrert for amerikanske Federal Communications Commission. 2. februar - Dei første transposona vart påviste i mais av Barbara McClintock. Ein relébasert reknemaskin for komplekse tal (Complex Number Calculator) vart ferdigstilt ved Bell Labs i USA under leiing av George Stibitz. 27. februar - Den radioaktive isotopen kol-14 vart oppdaga av Martin Kamen og Sam Ruben. November - Tyske forskarar samla seg i München og vart samde om at relativitetsteorien er ein naudsynt del av fysikken. Dette innebar slutten for Philipp Lenards «tyske fysikk» (Deutsche Physik, ). Grunnstoffet astat vart kunstig framstilt av Corson, MacKenzie og Segre. McMillan og Abelson framstilte grunnstoffet neptunium kunstig, som den første transuranen. John Randall og Harry Boot fann opp magnetronen.

Biokjemi 24. august - Howard Florey og eit forskarlag med Ernst Chain, Arthur Duncan Gardner, Norman Heatley, M. Jennings, J. Orr-Ewing og G. Sanders ved Sir William Dunn School of Pathology, University of Oxford, publiserte sine laboratorieresultat som viste penicillinet sin in vivo-effekt. Dei reinsa òg legemiddelet.

Prisvinnarar Brinellmedaljen: Martin Wiberg Copleymedaljen: Paul Langevin Darwinmedaljen: James Peter Hill Murchisonmedaljen: Arthur Holmes Nobelprisen: Ingen prisar vart utdelt. Penrosemedaljen: Nelson Horatio Darton Polhemsprisen: Waloddi Weibull Sylvestermedaljen: Godfrey Harold Hardy Wollastonmedaljen: Henry Woods

Fødde 27. november - Enrico Bombieri, italiensk matematikar

Døde 20. april - Alfred Cort Haddon, britisk antropolog og etnolog (fødd ) 17. juni - Arthur Harden, britisk biokjemikar, nobelprisvinnar (fødd )

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1940» frå , den 16. februar 2012. oppgav desse kjeldene: