Kornsporv (Emberiza calandra) er ein 19 cm lang fugl i busksporvfamilien. Kornsporv er ein brunleg, tjukkvoren fugl kjenneteikna av at han flyg med føtene hengjande ned. Ein ser han ofte sitjande på ein stolpe eller ei line.

Kornsporv lever hovudsakleg som standfugl, men fuglar i kalde strøk kan trekka til varmare område om vinteren. Kornsporv finst frå Kanariøyane i vest og til Iran og Irak i Asia, med bestandar i store delar av Europa og Nord-Afrika. Tap av habitat har ført til kraftig tilbakegang i Nordvest-Europa, og han er no rekna som utrydda i Irland og Noreg.

mini|venstre|Teikning av kornsporv mini|venstre|Egg av kornsporv Leveområde Kornsporv held til i opent lende med tre, gjerne nær dyrka mark eller i opne ugrasområde. Intensivt jordbruk har ført til mindre tilgang på frø og insekt, og har gjeve arten tilbakegang fleire stader. I Storbritannia arbeider ein aktivt for å stoppa nedgangen ved å oppmuntra bønder til å leggja betre til rette for kornsporv og andre gardsfuglar.

På Irland var kornsporv tidlegare utbreidd, men siste hekking der blei påvist i 1992. I Noreg har kornsporv hekka på Jæren i Rogaland og på Lista i Vest-Agder. På 1970-talet hadde ein dei siste teikna på hekking i Noreg, og arten er dermed blitt rekna som utrydda. På 2000-talet fekk ein påvist hekking på Jæren att, men ikkje av mange nok fuglar eller i nok samanhengande år til at ein kunne rekna arten som gjenetablert.

Bakgrunnsstoff Corn bunting ved rspb.org (engelsk med lyd og video)

Kjelder

Kategori:Busksporvfamilien