Mangersfjorden er ein fjordarm av Hjeltefjorden i Alver kommune i Vestland. Han har ei lengd på 7,5 km og held fram som Radfjorden på andre sida av øya Bongno.

Mangersfjorden har innløp mellom Eidsneset på Holsnøy i sør og Klubbsøyni ved øya Toska i nord. Halvvegs inn i fjorden ligg tettstaden Manger på nordsida av fjorden. Rett over fjorden ligg grenda Husebø.

Den totale lengda til Mangersfjorden, Radsfjorden og den vesle Kvernafjorden lengst søraust, som er i same fjordsystem, er 21 km.

Kategori:Fjordar i Alver Kategori:Geografi i Askøy