Ságat er ei norskspråkleg samisk avis som blir utgjeven i Finnmark. Stadfest nettoopplag i 2002 var 2 427.
Avisa vart grunnlagd i Vadsø i 1956, men flytte i 1981 til Lakselv, der hovudkontoret ligg i dag. Sjefredaktør har sidan 1978 vore Geir Wulff.
Eigarar Samisk avis AS/Sámiid áviisa AS er eit aksjeselskap. 51 nordnorske kommunar og fylkeskommunar eig til saman ca. 47 %, samiske kulturorganisasjonar ca. 10 %, mens dei øvrige 43 % blir eigd av til saman ca. 600 småaksjonærar mellom anna lokale bondelag, sauealslag, fiskarlag og dei fleste politiske partia. Den største aksjeeigaren er Porsanger kommune som eig 40 %, deretter Samenes landsforbund som eig 6 % og Sámi Dálulaččaid Searvi med 4 %.
Redaktørar Kristian Olsen 1956–1957 Hans J. Henriksen og Thor Frette 1958–1961 Hans J. Henriksen 1961–1964 Nils Jernsletten 1964–1966 Isak Østmo 1966–1966 Hans J. Henriksen 1966–1967 Albert Johansen 1967–1968 Odd Mathis Hætta 1968–1974 Peder Andreas Varsi, Johan Store og Arne Wulff 1974–1975 Geir Wulff 1976 Bjarne Store Jakobsen 1976–1978 Geir Wulff 1978–
Opplagstal
Bakgrunnsstoff sagat.no
Kjelder
Kategori:Aviser i Finnmark Kategori:Samiske aviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 1956