Palaeoptera er ei samlekjenning for flygande insekt som ikkje er i stand til å falda vengjene sine over bakkroppen. Gruppa omfattar to gjenlevande ordenar; døgnfluger og augestikkarar, i tillegg til minst 8 utdøydde undergrupper. Dei har membranøse vengjer med mange årer, og kontrollerer dei med musklar som er direkte festa til vengjerøtene og i buken. I tillegg er dei hemimetabole og har som vaksne reduserte antenner.

Sidan dei andre flygande insekta, i gruppa Neoptera, mest sannsynleg stammar frå utdøydde Palaeoptera-insekt, er gruppa rekna som parafyletisk. Viss ein berre tek omsyn til nolevande grupper, viser både molekylære og morfologiske data at augestikkarane og døgnflugene er nærare i slekt med kvarandre enn med Neoptera.Hovmöller, Rasmus, Pape, Thomas & Källersjö, Mari (2002): The Palaeoptera Problem: Basal Pterygote Phylogeny Inferred from 18S and 28S rDNA Sequences (Abstract) i Cladistics 18 (3)

Kjelder Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002 Engelsk wikipedia

Kategori:Insekt