thumb|Nordfjorden sett frå Bjørkvik Nordfjorden er ein fjordarm av Stjørnfjorden i Ørland og Indre Fosen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 8 km nordaustover til Inner-Råkvågen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Stallvika i nordvest og Voknøya i søraust. Tettstaden Råkvågen ligg på sørsida av fjorden. Bergkallen er ei halvøy som stikk seg sørvestover i Stjørnfjorden og deler den indre delen i to. Nordfjorden er den nordlegaste av desse, medan Sørfjorden ligg på andre sida.
Fylkesveg 133 i Sør-Trøndelag går langs delar av sørsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Trøndelag Kategori:Fjordar i Ørland Kategori:Geografi i Indre Fosen