Valsfjorden er ein fjordarm av Tarvafjorden i Ørland kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 5 km nordaustover til Oksvoll i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hellesvika i sør og Valsneset i nord. Valsholman ligg midt i innløpet. Grenda Val, som fjorden er kalla opp etter ligg rett nord for Dynnvika som ligg i botn av fjorden. Rett utfor Dynnvika ligg Krinsholmen.

Riksveg 721 går langs botn av fjorden ved Dynnvika.

Kategori:Fjordar i Ørland