Lislfjorden eller Lessfjorden er ein fjordarm av Storfjorden og Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km austover til Lessfjorddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sildkovodden i nord og Vikodden i sør. På sørsida ved innløpet ligg dei veglause gardane Engelsneset og Solvang. Sildkovan ligg på nordsida.

Kategori:Fjordar i Brønnøy