Lindebukk (Oplosia cinnerea, tidlegare O. fennica) er ei bille i trebukkfamilien. Han høyrer til underfamilien Lamiinae, som vert kjenneteikna av å ha hovudet vertikalt ståande på kroppen, og er utbreidd i storparten av Europa til Kaukasus. I Noreg finn me han langsmed kysten frå Oslofjorden til Aust-Agder, i dei same områda som vertstreet lind. Arten er ikkje vanleg i Noreg, men det finst likevel sannsynlegvis nokre av dei beste bestandane i Skandinavia.

Lindebukken er 9 til 13 millimeter lang og lett å kjenna att på fargeteikningane på dekkvengjene.

Økologi Lindebukken er, som namnet tilseier, først og fremst knytt til treslaget lind her i Skandinavia. Han er òg funnen på andre lauvtre, til dømes ask, bøk, hassel og or. Han nyttar helst greiner som ligg på bakken og er infiserte med sopp. Larvane lever under borken, men borar seg inn i ytterveden når dei skal forpuppa seg i mai. Utviklingstida er to år, og dei vaksne billene kjem fram i mai-juni. Dei let att etter seg hol med ein diameter på 4-5 mm.

Kjelder Insekt-Nytt nummer 1, 1999 Norges Biller

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trebukkar